Bondevennens møtekalender

Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Fjøsopningar i Omastrand og Tørvikbygd

20. november, 2018

Det vert fjøsopningar hjå Tørvikbygd samdrift, Åse samdrift og hjå Peder Nernæs den 20. november.

Tidsplanen ser slik ut :
• Kl. 10.30: Open fjøs hjå Tørvikbygd samdrift på Eide, med grilling ved Nortura og servering av Tineprodukt.
Adresse: Eidsvegen 30, 5620 Tørvikbygd.
• Kl. 12.30: Festen fortset hjå Åse samdrift med kake og kaffi.
Adresse: Oma – Åse 180, 5632 Omastrand.
• Kl. 14.30 er det ope hjå Peder Nernæs med meir grilling.
Adresse: Nernesvegen 179, 5632 Omastrand.

Peder Nernæs – fjøset og drifta i Nernes

Peder NernæsFjøset er eit tilbygg på eksisterande fjøs opprinnelig oppført i siste del av 1880-åra men som har vore oppgradert og om/påbygd i fleire omgangar, sist som båsfjøs for mjølkeproduksjon i 1980.

Tilbygget er eit lausdriftsfjøs i heiltre med limtreåsar. Fjøset har 45 prefabrikerte liggebåsar lagt oppå betongspalt over flyterenner.

Per no er det 31 liggeplassar til kyr og 17 til kviger/gjeldkyr, men dette kan enkelt tilpassast med flytting av portar og skiller. Fjøset er bygd med trerekkers system med fôrbrett langs eine sida.

Mjølking skjer med ein GEA Mione mjølkerobot, importert brukt frå Tyskland.

Fôringsopplegget er heile rundballar trilla inn på fôrbrettet med ein elektrisk pallejekk. I gamledelen er fôrsentralen og tankrom i bruk som før etter litt ombygging. Det gamle dyrerommet er nytta til utskillings- og kalvings/sjukebingar og kalveavdeling. Spekalvar i hytter ute under overbygg/takutstikk langs eine sida. Med unntak av limtresøyler og sperr er all trelast i bygget skore på eiga sag. Det er nytta over 100 kubikkmeter trelast i bygget, 80 av desse kjem frå eiga sag. Totalkostnad inkludert eiga trelast og eigeninnsats er 5,2 millonar.

Produksjonen ligg per no rett i overkant av 200 tonn mjølk i året (219 tonn kvote i 2018). Overskot av kvigkalvar vert selde til livdyr og oksekalvar vert slakta som kvalitetskalv ved ca. 270 kg levande vekt. I 2018 er det inngått nisjeavtale med Nortura og starta salg av kjøt frå eigne dyr. 1 ku og 22 kalvar er solgt slik i 2018, både som ferskt og frose kjøt og som Nernes Biffgrill-pølser og kalveburgere.

Her vil det også bli delt ut smaksprøvar.

Åse Samdrift

Åse Samdrift har no i år investert i velferd for både folk og dyr.

Me har bytta ut mjølkestallen med ein GEA monobox mjølkerobot. Resten av den gamle stallen er bygd om til velferdsbinge.

Vidare har me skifta til fleksibel nakkebom ved fôrbrettet og bytta båsmattene til vannmadrassar frå GladQ.

Tørvikbygd samdrift

Jan Roy og Kari Britt Eide bygde i 2017 nytt tilbygg til mjølkeproduksjon m. fullt påsett. Bygget er sett opp i forlengelse av eksisterande fjøs frå 1999 og 1960.

All i-mek. og Gea MIone mjølkerobot er levert av RL teknikk.

Det er i alt 70 liggebåsar til mjølkekyr og 120 plassar til kalvar, kviger og oksar.

Bygget er leigd ut til Tørvikbygd Samdrift DA. Betongarbeidet er utført av Odland betong og overbygg er levert av Vigrestad bygg.

Arr.: Nortura, Tine, Sparebanken Vest, Reime Landteknikk, Odland AS og Vigrestad Bygg

Detaljer

Dato:
20. november, 2018

Sted

Hordaland

Ønsker du ditt arrangement under faglag og møte i bladet og i denne kalenderen kan du sende det inn her.