Bv36_leiar.jpg

LANDBRUK- OG DISTRIKTSPOLI­TIKKEN representerte ei politisk kraft som nok var medverkande til at fleirtalet av det norske folk ved to folkeavrøystingar har sagt nei til EU medlemskap, og med det gitt muligheit til å utforma ein nasjonal landbruksbrukspolitikk. I september 2013 er trusselbiletet for jordbruket eit anna. Den politiske kampen om rammevilkåra for norsk jordbruk handlar denne gangen ikkje på same måte om trugslar utanfrå, men om politiske vegval på heimebane.

BONDELAGSLEIAR NILS BJØRKE  gir i denne utgåva av Bondevennen ei konsekvensvurdering av blåblå kontra raudgrøn landbrukspolitikk, slik han er framstilt i partiprogramma og i valkampen. På papiret kan det sjå ut til norsk jordbruk står ved ein ny milepåle, om alliansen Høgre / Fremskrittspartiet / Venstre oppnår reint fleirtal ved stortingsvalet.

GRADVIS AVREGULERING av konsesjons- og kvoteordningar, svekka tollvern og mindre overføringar, utan struktur- og distriktsprofil, vil gi store konsekvensar. Å gi uttrykk for at dette er å setja bonden fri er ein provokasjon mot dei mange som blir råka. Med svekka tollvern rammar høgrepartia også dei store og viktige matprodusentane som ein seier ein vil verna, dei som har satsa stort og som er avhengige av å ta inntektene frå marknaden. I høgkostnadslandet Norge kan ikkje bøndene leva med norske prisar på innsatsfaktorane og eit svekka tollvern som effektivt hindrar auka prisuttak for produkta i marknaden. Resultatet blir fort det som har skjedd i mange andre bransjar; utflytting av produksjonen.

KVA ER PROBLEMET? Den delen av inntekta til folk flest som går til mat, har i løpet av dei siste 30 åra i gjennomsnitt gått ned frå 22 til 11 prosent. I same perioden har den andelen av statsbudsjettet som går til landbruksstøtte, gått ned frå 4,5 til 1,3 prosent. Er grunngjevinga for omlegging av landbrukspolitikken meir grunna i prinsippa om avregulering og marknadsstyring enn eit rop frå folket om billegare mat?

SPØRJEUNDERSØKINGAR SYNER  at over 80 prosent av folket ynskjer å ta vare på det jordbruket vi har i dag, og at dei støttar dagens nivå på overføringane frå statsbudsjettet. Vi trur dette handlar om at folk flest vil ha mattryggleik, både med omsyn til trygg mat og sikker forsyning. Omsynet til kulturarv og kulturlandskapet som eit aktivt jordbruk produserer ligg også djupt i folket. At dette i liten grad slår ut i val av parti er forståeleg, politikk handlar om meir enn landbruk. Men at omtalte parti ikkje legg seg tettare opp til folkeviljen i spørsmålet om landbrukspolitiske prioriteringar, er uforståeleg.

DEN INDIREKTE verdiskapings­effekten av primærjordbruket må ikkje undervurderast. Jordbruket gir grunnlag for ein betydeleg forsyningsindustri og ikkje minst næringsmiddelindustri med over 40 000 arbeidsplassar. At desse arbeidsplassane vil forsvinne utan eit primærjordbruk, bør oppta dei som legg rammevilkåra for jordbruket, ikkje minst dei som ynskjer å representere næringslivet.

RESULTATET AV ÅRETS STORTINGSVAL er ope, ingen kjenner resultatet før stemmene er talde opp og dei påfølgjande regjeringsforhandlingane er i boks. Resultatet av eit demokratisk val krev respekt og landbruket må bygga alliansar ut frå den politiske realiteten som blir gjeldane etter 9. september. Vi har merka oss at alle partia som går til val ynskjer norsk matproduksjon. Det er eit godt utgangspunkt for vidare dialog.

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no