Tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper, lova den nye regjeringa i fjor. Sikre riktig talgrunnlag for jordbruksoppgjeret, følgde dei på i Hurdalserklæringa.
I førre veke var rapporten frå Gryttenutvalet som skulle bidra til sistnemnde, omsider klar. Målet med arbeidet var å gjera det lettare å måla inntekta i jordbruket. Som verktøy har utvalsleiar Ola Grytten nå presentert mellom anna den såkalla «hybridmodellen», der ein modifisert Totalkalkyle (jordbruket sin sektorrekneskap) skal kombinerast med gardens rekneskap.

Reknemåten er like kompleks som den høyrest ut. Økonomiprofessor Grytten vedgår då også at kva som er bondens inntekt, er vanskelege greier. «Det er det 38 000 svar på», seier han til Nationen. Altså like mange som det er bønder att.

38 000 svar på inntektsgåta, altså. Er me då like langt?

Nja. Grytten-utvalet stadfestar iallfall for gud og kvarmann at dagens inntektsmål ikkje held mål. Og når dei føreslår at utgifter til både jord- og kvoteleige samt innleigd arbeidskraft skal kostnadsførast, vil det også glede ikkje minst aktive bønder.

Bondelaget er likevel skuffa. All den tid Grytten-utvalet ikkje vil samanlikna inntekta frå næringsdrivande bønder med inntekta til lønsmottakarar, fryktar Bondelaget at lovnaden om eit inntektsmål opp mot lønnsmottakarane sitt, blir undergravd.
Og både bondeopprørarane og Bondelaget er kritiske til at utvalet ikkje vil skilja vederlag til arbeid og kapital. Ein konsekvens av å gi kapital ei eiga avkasting, skriv Bondelaget, vil være at vederlaget til arbeid blir lågare, og inntektsgapet aukar. Til slutt kan det verta ei politisk avgjerd om kva politikarane vil bidra med for å heve bondeinntekta.

Rapporten skal nå ut på høyring. Landbruks- og matminister Borch kallar den eit viktig grunnlag for å tetta inntektsgapet. Og det er den jo, sjølvsagt. Den er det me har. Samstundes er det problematisk når eit grunnlagsmaterial har blitt såpass kontroversielt. Landbruksøkonom Ole Christian Hallesby hevdar til Nationen at Grytten-utvalet berre vil pussa opp dagens system for inntektsutrekning «fordi et helt nytt system vil bli uoverkommelig politisk».

Då er det lov å spørja seg om kor godt grunnlag dette eigentleg er for å nå det overordna målet om å styrka bondeøkonomien. For det hastar jo. Same veka som Grytten leverte, fekk me òg ein ny rapport om korleis det står til med den psykiske helsa til bøndene. Den er urovekkjande lesnad. Og mental helsetilstand, og motivasjon, heng saman med økonomi. Det veit alle.
Også same veke fekk me statsbudsjettet. Med påplussingar til jordbruket, hevdar Borch, «styrker regjeringen matproduksjonen og beredskapen i Norge».

Mon det. Mang ein bonde vil nok sjå denne faktiske styrkinga, før dei trur henne.

Bothild Å. Nordsletten