image description

 

Den økonomiske ramma, innretting og fordeling, for dei ulike produksjonane i jordbruksavtalen er klar. Då Stortinget formelt vedtok avtalen 17. juni, såg vi for første gang ein jordbruksavtale der Framstegspartiet har vore i førarsetet.
Resultatet blei til slutt ein jordbruksavtale utan kutt for dei husdyrbruka som er med i referansebruksgruppa, bortsett frå svin som for andre året på rad blir parkert med omsyn til målprisutvikling på grunn av marknadssituasjonen. Store mjølkeproduksjon- og sauebruk får ein vesentleg auka inntektsverknad av oppgjeret. Strukturgrepa gir tydelege utslag, med svak inntektsutvikling for mindre og mellomstore bruk. Regjeringa sin ideologi trer synleg fram.

Samd eller usamd, nå er utfordringa for den enkelte næringsdrivande å skapa eit økonomisk resultat innafor dei rammeforholda som gjeld. Fleire rekneskapslag, mellom anna på Jæren og på Haugalandet, utfører såkalla nøkkeltalanalysar med fokus på variasjon i dekningsbidrag (nettoen) for bruk med same produksjon. Særleg for store bruk kan konsekvensane av varierande dekningsbidrag gi større utslag på økonomien enn konsekvensen av endringane i eit jordbruksoppgjer. Variasjonane opptar landbruksøkonomane, men det har vist seg å vera ein lang veg å rådgje til betre økonomi.

Landbruksøkonom og bonde, Andreas Lundegård, i Tveit Regnskap, har lang fartstid med nøkkeltalanalyse og økonomisk rådgjeving. Han innrømmer at temaet er komplekst og vanskeleg å trenge inn i, men han finn nokre hovudtrekk hos dei som alltid ligg øvst på lista. Dei har kontroll over produksjonen og gjer ting til rett tid og dei har ei unik interesse for det dei held på med.
– Det er i fjøset vi hentar pengane, understrekar Lundegård. For dei grovfôrbaserte produksjonane gjeld framleis sanninga om at mykje og godt grovfôr ligg i botn for eit godt økonomisk resultat. Tunge innkjøp av grovfôr, av varierande kvalitet, er blylodd i rekneskapen.
Lundegård meiner at dei store bruka krev meir merksemd på leiing, både av produksjon og tilsette. Ein må innsjå at ein ikkje rår med alt sjølv og må setja bort arbeid. Elles er Lundegård oppteken av at ein nyttar registreringar for drifta, og styrer etter dei. Ein må vite kvar ein er, og igjen handlar det om å ha kontroll. Nokre set opp mål for drifta og styrer etter budsjett.
– Vi har dei nødvendige reiskapane, men opplever ikkje alltid den store motivasjonen hjå bøndene for økonomistyring. Det blir feil om vi blir springande etter med papira, seier Lundegård.
Han legg vekt på at økonomane må kunne tilby verktøy og økonomisk rådgiving som treff bonden sine kvardagsutfordringar. På Haugalandet arbeider dei nå med erfaringsgrupper der dei hentar inn bønder, som dokumenterer topp resultat, til å dele erfaringar. Tiltaket kan vera eit godt supplement til den tradisjonelle teorirådgivinga.

Det ligg ei utruleg glede i å lukkast med det ein set seg føre. Mange føresetnadar, mellom anna endringar i økonomiske rammevilkår og eiga helse, kan hindre ein i å nå måla. Familiejordbruket er robust når alt dreg i positiv retning, men kan også vera sårbart når ein møter utfordringar.
Det er ei utfordring at Listhaug sitt “bli stor jordbruk” er i ferd med å vekse ut av komfortsona for tradisjonelt familiejordbruk. Ny politikk vil utfordre etablerte løysingar.