image description


Vi snakkar om produksjon av storfekjøtt på ammeku, og sitatet kjem frå fagrådgivar i storfe, Ole H. Okstad, i Nortura. Han er ein av forfattarane i dette temanummeret av Bondevennen, som handlar om ammekuproduksjon. At det aldri har vore så lønsamt betyr ikkje at ammekuproduksjon er svært lønsam. Ein må drive godt for å ta ut dei økonomiske marginane. Investeringsbehov og kapitalbinding i drifta er betydelege om ein skal starte frå botn.


– Dei første dyra av kjøttferase blei importert til Norge i 1949, skriv avlsforskar i TYR, Katrine Haugaard, i ein artikkel om kjøttfeavl. Dette var hereford, som i lang tid var den mest talrike kjøttferasen i Norge. Historia om organisert, norsk avlsarbeid for kjøttferasar er relativ kort. Norsk Kjøttfeavlslag blei stifta i 1975. I 2008 skifta avlslaget namn til TYR. Dei første avlsplanane kom i 1990 og Storfekjøttkontrollen kom i 1996. Etter dette har avlsarbeidet utvikla seg raskt vidare, og i 2015 blei sæd frå norske oksar av limousin og charolais eksportert til rasane sitt heimland, Frankrike.
I dag driv TYR eit nasjonalt avlsarbeid på dei fem største rasane; aberdeen angus, hereford, charolais, limousin og simmental. Utviklinga av ammekyr har auka frå under 10.000 i 1998 til over 72.000 i 2015.


Norge har ein stor underproduksjon på storfekjøtt. Siste prognose frå marknadsregulator, Nortura, viser eit underskot på 14.000 tonn, tilsvarande 46.500 okseslakt á 300 kilo, for inneverande år. Årsaka er samansett og handlar om både marknadsutvikling og produksjon. Den viktigaste årsaka, på produksjonssida, er nok at mjølkeproduksjonen leverer langt mindre storfekjøtt enn tidlegare. Reduksjonen skuldast auka mjølkeavdrått og ein sterk reduksjon av tal mjølkekyr, auka satsing på mjølkerasar og reine mjølkeproduksjonsbruk.


Ammekuproduksjon er, saman med sauehald, dei mest «politiske» produksjonane i norsk landbruk, uttrykt i tilskotsnivå. Tal frå Tveit Rekneskap, AS, viser at ein godt driven ammekubesetning, på 50 mordyr, kan forvente eit samla dekningsbidrag på 500.000 kroner. Med dette driftsomfanget er tilskotet berekna til 750.000 kroner. For eit utbyggingsbruk, med nemnte driftsomfang, er likvid overskot berekna til 560.000 kroner. Utrekninga viser at ammekuproduksjon ikkje har økonomisk berekraft om den skal henta det meste av inntekta frå marknaden.


Fagrådgivar Ole H. Okstad er klar på at ammeku er ingen lettvint produksjon. Berre dei som satsar seriøst og utviklar høg kompetanse vil lukkast. Han trekker fram tre forhold for å lukkast med ammeku: Ein må ha ein gjennomarbeidd driftsplan og følgje den. Gode avlsdyr og avlsplan, samt vektregistrering er ein føresetnad. Vidare må det ligge føre ein fôrplan som dokumenterer rikeleg tilgang på rimeleg grovfôr.


Fagrådgivaren viser til to hovudutfordringar i norsk storfekjøttproduksjon. Med det importvolumet vi har i dag, blir prissettinga på norsk produksjon utfordra. Underproduksjon på nåverande nivå, eller meir, vil kunne svekka importvernet for storfekjøtt.
– Det tar lang tid å bygge opp storfekjøttproduksjonen, og vi må snu utviklinga nå, seier Okstad.
Den andre bekymringa er kraftfôrforbruket.
Storfekjøttproduksjon på ammeku bør i størst mogeleg grad baserast på beitebruk og eigeprodusert fôr. Dette handlar om forbrukarpreferanse og politisk aksept for norsk produksjon. Det er også viktig at ammekua får ein viktig rolle i å halda eit ope kulturlandskap, både i inn- og utmark.


For å auke norsk storfekjøttproduksjon, bør investering i driftsbygningar til ammekyr bli ein viktig del av den investeringspakka som faglaga nå fremjar i samband med lausdriftskravet. Høg prioritet frå landbruksforvaltinga og Innovasjon Norge blir avgjerande for å tetta gapet mellom import og norsk produksjon av storfekjøtt.




Eirik Stople