Kattepina i norsk svineproduksjon ser ikkje ut til å gå over med det første. Kostnadane med ein vedvarande overproduksjon er store. Om ein reknar eit prisnivå på 1,40 kroner per kilo under målprisen, saman med ei omsetnadsavgift på 1,30 kroner per kilo over «ideelt» nivå på 70 øre, blir beløpet svimlande 364 millionar kroner i årleg tapte inntekter. I tillegg kjem det teoretiske tapet etter to jordbruksoppgjer der det grunna overproduksjonen ikkje har vore mogleg å auka målprisen.

Voluma talar for seg. Dei er dystre. Marknadsoverskotet er på 6.159 tonn, medan det ligg heile 6.343 tonn på reguleringslager, mot 1.429 tonn på same tidspunktet (veke 34) i fjor. Det svir både hjå dei kring 1.000 smågrisprodusentane og dei vel 2.000 bøndene som driv med slaktegrisproduksjon. Dei bakanforliggjande årsakene er fleire.
Potensialet i auka sal av svinekjøt i den norske marknaden er det stadig færre som trur på. Marknadsregulatoren melder at fram til veke 34 hadde svineproduksjonen auka med to prosent, medan salet i same tidsrommet var ned tre prosent samanlikna med same tidspunktet i fjor.

Effektiviteten i norske grisehus har synt ei formidabel auke. Kombinasjonen av dyktige produsentar og krysningspurka TN-70 har blitt ein suksess. Men resultatet er at talet på mordyr må reduserast på varig basis. For no flatar salet i beste fall ut medan næringa har kome opp i eit produksjonsvolum som er svært vanskeleg å reversera.
Det er dessverre meir. Eksportventilen er i ferd med å stengast, medan importpresset aukar. Importkvotane i 2018 er, i følgje prognosen frå Nortura, 1.575 tonn, medan samla kvotar neste år er prognostisert til 1.800 tonn.

Førebels siste strakstiltak var då smågrisprisen 17. september vart redusert med 30 kroner, til 710 kroner. Omsetningsavgifta vart samstundes auka med 80 øre for å finansiere ei ordning med slakting av 30.000 lettare griser. Reduksjonen av overskotet med dette tiltaket er venta å bli på 1.500 tonn. Gratis er det ikkje. Dei 34 millionar kronene, pluss kostnadane med den samla overproduksjonen, var meint å dekka både rente- og kostnadsauken hjå dei einskilde svineprodusentane.

Ein snarveg ut av uføret finst ikkje. Styresmaktene, gjennom Landbruksdirektoratet, har nyleg skissert ei justering av svinekonsesjonen som vil kunna redusera bruken av såkalla eingongspurker. Det vil ta tid, to til tre år, før effekten eventuelt slår inn. Samstundes snur Omsetningsrådet alle steinar for å finna moglege og lovlege reguleringsverktøy. Også her vil det fort gå år før aktuelle tiltak kan koma på plass. Å regulera ved å slakta lettgrisar har ein kortvarig effekt. Det er talet på mordyr som må drastisk ned.

Ansvaret for å handtera den kritiske stoda i norsk svineproduksjon ligg hjå styresmaktene, marknadsregulatoren og bøndene. Svineprodusentane er oppmoda om å frivillig redusera talet på grisingar med fem prosent. Dersom talet på insemineringar i september følgjer trenden dei siste månadane, kan ein i det minste konkludera med at det går i rett lei.

Om færre slaktegrisar blir drivne på slaktebilane over nyåret, er det håp om effekt av den frivillige hestekuren. Alternativet, at svinebønder må gå til skifteretten, er utenkeleg.

Sjur Håland