– Nokon må seia det.
Tillitsvald bonde på Jæren, anonym

Er du blant dei som går i minus grunna høge straumprisar, alt no i september? Har du ein konkret plan for korleis du kjem deg gjennom vinteren? Ikkje det?

Då er kanskje tida inne til å gjera den bitre vurderinga av i kva grad du skal halda fram eller avslutta drifta. Stoda ser nemleg ikkje ut til å stabilisera seg på lenge ennå.

Russland krigar og strupar gasstilførsla til Europa. Yara kuttar gjødselproduksjonen. På fleire kontinent går avlingar med mat og fôrråvarer tapt til tørke og flaum. FN melder at det for første gong blir produsert for lite mat i verda. Dette, i tillegg til ei marknadsstyrt og geografisk urettvis straumprising, gjer at også norske bønder går ein skummel haust og vinter i møte.

Lite styresmaktene har gjort så langt, styrker oss i trua på at dei meinte alvor med målsettinga om auka matproduksjon og høgare sjølvforsyningsgrad.

Rundt om i landet moldar grønsaksbøndene ned grøda i staden for å leggja den på dyre kjølelager. I Rogaland har fleire tomat- og grøntprodusentar alt redusert eller avslutta produksjonen grunna skyhøge energiutgifter. Etter det Bondevennen kjenner til er nokre fjørfebønder i ferd med å følgja etter. Samstundes slit landets største kraftfôrprodusent, Felleskjøpet Rogaland Agder, med det som ligg an til å bli ein budsjettsprekk i reine kraftutgifter på 50 millionar kroner. Truleg resulterer det i ein ytterlegare auke i kraftfôrprisen, denne gongen på 12-13 øre kiloen.

Om ikkje marginane var stramme nok frå før, vil det altså svi meir for husdyrbøndene framover. Særleg fjørfe- og svinebøndene får ein hard haust og vinter, kraftfôrbaserte som dei er, og med driftsbygg som må halda jamn og høg temperatur.

I malstraumen av dårlege nyheiter og rodnande tal gjeld det å tilpassa seg alt det kroner og kreativitet kan halda. For grovfôrbaserte bønder er fôrprøvar og ein solid fôringsplan som reduserer behovet for kraftfôr alfa og omega. For dei som kan, ikkje minst dei med fjørfe og svin, gjeld det å gjera alt for ikkje å overstiga straumstøttetaket på 20 000 kWh. Å kjipa på fôringa eller temperatur er sjølvsagt ikkje eit alternativ – ofring av dyrevelferd og produktivitet er ikkje eit ENØK-tiltak. Om du tyr til flis, diesel eller propan er opp til deg. Og slapp av, dei fleste er nok meir opptatt av lagnaden til eige livsverk enn av at landbruket skal oppfylla klimaavtalen med staten innan 2030.
Investeringar og vedlikehald, kor enn naudsynte og etterlengta dei er, får vente. Sitt stille i båten. Prøv å ri’an av. Samfunnsansvar får vera samfunnsansvar. Ansvarskjensla, kor enn djupt den sit, betalar ikkje rekningane, held ikkje lageret kaldt eller bingen lun.

Det var sjølvsagt ikkje her me skulle vera i 2022, men hit er me altså komne: At om du tapar pengar etter ein varm august, vil du sannsynlegvis tapa ennå meir i kalde januar. Og at du som bonde, den det skulle satsast på, seriøst må vurdera om det heile er verdt det lenger.

Bothild Å. Nordsletten