Landbruksstatistikk har vel mest alltid vore dyster lesnad dei siste tiåra. Slik er det også med siste oppdateringa frå Landbruksdirektoratet. Det var 37.704 bønder med jordbruksføretak som søkte om produksjonstilskot i år. Det er 206 færre enn på same tidspunktet i fjor, ein nedgang på 0,54 prosent, skriv avisa Nationen. I 2022 var reduksjonen på tal føretak gjennom heile året 411, ein nedgang frå året før på 1,07 prosent.

Dermed kan me slå fast at reduksjonen i talet på bønder held fram. At reduksjonstakta kan synest å vera noko mindre gjennom 2023, kan sjølvsagt lesast positivt. Aller helst ville me sett ein statistikk der talet på bønder flatar ut og ligg stabilt. Men det er nok dessverre lite truleg at det vil skje med det aller første. Likevel, det er lov å håpa på betre tider, vonleg ikkje alt for langt der framme.

Alt medan bøndene har telt på knappane, også gjennom dette året, blir det skrive tallause spaltemeter om kva som har gått galt når strukturrasjonaliseringa held fram og alt for mange bønder vel å ta det tyngste valet på eigne og familien sine vegne.

Me kan bli møkka lei dei negative og trykkande overskriftene, men dei er naudsynte for å halda trykket oppe og opinionen vaken. Slik må det vera skal retninga snu.

Korleis motverka verknadane av alt det negative i ditt eige bondeliv då? Bøndene har heldigvis mange triks og eineståande moglegheiter til å driva mental «sjølvmedisinering » på eige bruk. På eiga jord. Også nå i den mørkaste årstida.

Me kjem i hug ein gammal jærbu som no kvilar i den jorda han var så glad i. Bonden var kjent for å vera ein arbeidsmaur som alltid hadde alt på stell. Det vart sagt at dei dagane han ikkje visste heilt kva han skulle gjera, låg han og kraup på alle fire oppå dei doble steingardane og fjerna det som måtte vera av høymolestelkar og anna rusk.

Å ta seg god tid i kjøkkenkroken mellom øktene i dei rolege vintervekene er bonden sitt opplagde privilegium. Eit anna privilegium bonden har, er at ho eller han kan gå ut på vinterkvilande åkrar og kjenna trykket frå eiga odelsjord under fotblada. Resten av året er det travelt og du må bruka firhjulingen eller traktoren. Å gå slik på eiga mark, gjerne utan peltoren på øyra, og berre kjenna stilla, vindsuset og sildringa frå bekken gir ikkje lågare rente og høgare mjølkepris, men kan likevel opplevast både magisk og motiverande. Sjølv om frosten bit i kjakane.

Gardsverkstaden er ein god plass i ruskevêr. Me ser at NLR minner sine medlemmar om at tørt, godt vintervêr gir gode høve til vedlikehaldsdrift ute. Døme på dette er stell av kantsoner, fjerning av viltvaksande kratt, grøftevedlikehald og kalking. Me sluttar oss til, og legg til at å lø opp att steinar som har rast ned frå steingarden kan gjerast året rundt.

Og medan du går der og nyt førjulsfred og open himmel før kveldsøkta i fjøset, kan du like så gjerne plukka med deg restane av den gamle piggtråden som det ikkje lenger er nytte i.

Å ha piggane konstant ute kan elles vera slitsamt nok.  

Sjur Håland