image description

 

Det er endring på gang i norsk landbrukspolitikk. Statsråd Sylvi Listhaug har rett når ho held fram at ho har sett landbruk og landbrukspolitikk på dagsorden. Under stormøtet på Jæren i sist veke fekk vi eit synleg døme på at bøndene engasjerer seg i landbrukspolitikken. Jærbuen gjekk mann av huse for å få første hands informasjon frå Mat og landbruksstatsråden.

Bodskapen hennar var ikkje uventa. Vi har høyrt det før. Det skal gis mulegheit for å bli større, og det skal løna seg. Bøndene skal få ein enklare kvardag med mindre skjema og reguleringar. Vidare skal Jordbruksavtalen forenklast og bli meir målretta. Regjeringa vil ha eit landbruk over heile landet og syte for betre lønsemd til bonden.

– Næringa har eit imageproblem, bonden er ikkje nok verdsett og må snakkast opp. Bøndene blir utsette for statlege inngrep, eller – idiotiske pålegg, jfr. konflikten om svarthalespoven, seier Listhaug.

Grei tale. Men så byrjar det å skurra. For å realisere det Listhaug kallar moderniseringa av landbruket, vil ho mellom anna oppheve reglane i konsesjonslova, vurdere å endre marknadsreguleringsordninga, gjennomgå konsesjonsgrensene for svin- og fjørfeproduksjonane, endre kvoteordninga for mjølk, reversere tollgrepet, ta ein gjennomgang av korn- og kraftfôrpolitikken og redusere dei statlege overføringane.

– Vi skal gi landbrukspolitikken ei ny retning, seier Listhaug. Stikkord for den nye retninga er avregulering, stordrift og forsterka sentralisering. Statsråden nyttar eit kvart høve til å snakka ned gjeldande landbrukspoli- tikk og viser til nedgangen i tal bønder, sentralisering og svak lønsutvikling. Det underlege er at ho viser til tiltak som etter all sannsynlegheit forsterkar denne utviklinga.

Etter statsråden entra styreleiaren i Norsk Landbrukssamvirke, Sveinung Svebestad, talarstolen. Med stor innsikt forklara han samanhengane i landbrukspolitikken og avdekka av- standen mellom ønska målsetting og tiltaka til statsråden. – Det går ikkje i hop, konkluderte Svebestad.

Mange, inklusive Bondevennen, har brukt mykje spalteplass på å analysera formuleringane i regjeringsplattforma for å avdekke gapet mellom formuleringar og tiltak. Det avteiknar seg meir og meir ein politikk for avregulering, stordrift og sentralisering og det meste skal underordnast dette. Men la det også vera skrive at det ut av prosessen også kan koma ei fornying og ei etterlengta svekking av grepet frå det offentlege.

Motargumanta ser førebels ikkje ut til å nå inn hjå statsråden. Det er som å skyta med sprettert på ein romersk soldat i full rustning. Statsråden omgir seg med ein ideologi som tilsynelatande er ugjennomtren- gjeleg for anna tenking.

Men Listhaug sin vilje til å møte bøndene på deira arena er positiv. For det er ved å setja seg saman i fri samtale med dei gode argumenta at det er von om å endra den politiske leia til ei retning som både storsamfunnet og landbruket er tente med.

Denne oppgåva må ein gå til med respekt og varsemd. Feil vegval kan gi dramatiske og irreversible konsekvensar for norsk matproduksjon.