Debatten rundt kjøt kontra vegetarkost går høglytt i haust. Dei som lukker øyrene og vonar at grønt-trenden skal blåsa over, blir truleg skuffa: Det går ikkje over. Animalia-rapporten «Kjøttets tilstand 2018» viser at kjøtforbruket vårt går ned, for første gong sidan 2010. Veganarar og kjøtfrie alternativ har kome for å bli. Butikkane satsar på det. Tida er inne for norske bønder og næringsmiddelindustrien til å sjå det grøne marknadspotensialet.

Klimaforsking og auka forbrukarmedvit om helse og dyrevelferd, særleg blant dei unge, underbyggjer påstanden om grøntbølgja som ei vedvarande endring. Det tyder sjølvsagt ikkje at me skal slutta å eta kjøt og å drikka mjølk. Samstundes bør landbruket vera varsam med å framstilla norsk matproduksjon som einstydande med kjøtproduksjon. Tendensen er der, særleg i klima kontra ku-debatten.

Jau, landet vårt er skapt for beitedyr som gir oss kjøt, mjølk, gjødsel, ull og ope landskap. Men med god agronomi, teknologi og avanserte veksthus, er potensialet for å auka produksjonen av tradisjonelle, så vel som nye matvekstar, også stort. At me i dag et under halvparten av den tilrådde mengda frukt og grønt, stadfestar handlingsrommet.

Dette potensialet må produsentar, forskarar, politikarar og matindustrien erkjenne, utvikle, og profittera på. 43 prosent av grønsakene og potetene, og 96 prosent av frukta og bæra me et, blir i dag importert. I tillegg kjem store mengder soya som blir både vegetarburgarar og kraftfôr. Det skulle vera mogleg å erstatta mykje av dette med eigne avlingar. Vonleg vil forsøk som dei NIBIO alt driv på søtpotet og proteinrike belgvekstar, bære frukter. Ein avgjerande føresetnad for at norske produsentar skal lukkast er sjølvsagt at forbrukarane er villege til å betala for varene deira.

Dette handlar ikkje om å vera for eller mot kjøt. Det handlar om å tilpassa seg og førebu seg på ei større endring som alt er i gang, og som må koma, anten me vil eller ei. Framand som det enn kan høyrast ut: om ikkje lenge kan 3D-printarar som trykker ut biff av muskel- og feittcellene til levande dyr bli eit vanleg syn i norske kjøkken. Klimaendringane, marknaden og forbrukarane driv forandringa fram. Landbruket må førebu seg på omveltingane, levera – og tena på dei.

Bothild Å. Nordsletten

Share This