bv49_leiar

I førre månad presenterte Nationen ei liste over det dei meiner er dei 100 mektigaste personane i norsk landbruk. Samanstilt med skattelistene som kom i oktober kastar kåringa eit interessant lys over kjønnsfordelinga i næringa. Berre 23 av Nationen sine 100 mektige er kvinner. Den første kvinna på lista, Tine-sjef Hanne Refsholt, dukkar først opp bak 11 menn og eit dyr, ulven.
På inntektssida er berre åtte av 68 landbrukstoppar kvinner. Talet på kvinnelege, lokale bondelagsleiarar understrekar ubalansen. Av 216 bondelag i Bondevennen sitt oppland er berre 34 leia av ei kvinne. Om me i tillegg studerer programma for ymse landbruksfaglege konferansar, samlingar og møte, blir biletet tindrande klart: I norsk landbruk 2016 har mannfolk makta og ordet.

Maktkåringar i media reflekterer sjølvsagt ikkje heile sanninga, men dei gir ein peikepinn på kven som blir oppfatta som viktige. Og dei seier noko om kva eigenskapar og erfaringar som blir lagt vekt på, på vegen mot toppen.
Ein kan sjølvsagt og med ein viss rett hevde at mangelen på likestilling i landbruket speglar det faktum at dei aller fleste bønder er menn. Men dersom me framleis ynskjer eit livskraftig familielandbruk bør erfaringane og perspektiva til kvinnene på bruket i større grad fram i lyset. Det er viktig i seg sjølv, for å sikra at heilskapen blir tatt vare på når vilkåra til bøndene blir diskuterte, og for rekrutteringa til yrket.

Eit blikk på nestleiarposisjonar og andre, lågare verv i politikk og organisasjonsliv vitnar om eit rikt rekrutteringsgrunnlag for kvinnelege leiarar. Det handlar ikkje om uvilje mot kvinner. Mange ynskjer fleire kvinner velkomne, men opplever at dei ofte takkar nei. Visst er verv og ansvar tidkrevjande, men det er også gildt, lærerikt og utviklande. Det er synd for alle om kvinner let sjansen til politisk påverknadskraft gå ifrå seg. Skal me nå det politiske målet om likestilling i landbruket, (minst 40 prosent av kvart kjøn), må alle bidra til å bygga ein kultur der kvinner kjenner det like naturleg som menn å ha leiarposisjonar. Menn får stadfesta si rolle som leiar overalt og kvar dag, i politikk, næringsliv, media og kultur. Kvinner treng fleire kvinnelege – og rause mannlege – førebilete til å sjå seg sjølve i, til å strekka seg etter og til å avmystifisera kva det inneber å ha eit leiarverv.

Mannetunge maktkåringar og kvinnefattige konferanseprogram vitnar også om latskap og mangel på kreativitet blant juryar og møteorganisatorar. For det finns ei mengd kvinnelege talent og kapasitetar der ute. Nokre kjem av seg sjølv, andre må dyrkast fram. Ta med deg kona, dottera, svigerdottera eller barnebarnet på neste lagsmøte! Eit mangfald av røyster er viktig for å utvikla norsk landbruk, for å utfordra etablerte sanningar og for å stå støtt i møte med utfordringane som kjem. Snart er det tid for årsmøte. Valnemnder er alt i sving med nominasjonane. Målet er klart: Fleire kvinnelege leiarar i landbruket – det er tross alt 2017 snart.

Bothild Å. Nordsletten