Nå skal me ikkje setja verken folk opp mot folk eller husdyr mot husdyr, anna enn å konstatera at sauen er det viktigaste husdyret me har i Norge. Vår påstand botnar ikkje i volum, effektivitet eller økonomi. Der kjem nok både fjørfe, svin og storfe betre ut. Sauen handlar om kultur, historie og tradisjonar. Sauen bidreg til mangfald og liv, også i mindre fjøs, landet rundt. Han er ein miljøskapar og interessevekkjar som famnar både gammal og ung bonde.

Det flittige, nøysame og effektive beitedyret som engasjerer så mange, utnyttar i tillegg svære areal anten det er kulturbeite, utmark, hei eller fjellvidder. Sauen reduserer attgroinga og omset den naturlege faunaen vår til mjølk, kjøt og rein norsk ull.

I denne vekas Bondevennen er det sauen som er tema. Ikkje så heilt unaturleg. Søyene er nå, ei dryg veke ut i mars, lyste og klipte. Den store festen – eller styrkeprøven eller uthaldsprøva er like om hjørnet. Og bak kvar einaste liten eller stor saueflokk, står ein bonde med ei lita uro og klump i magen. Korleis blir årets vekstsesong? Kva blir helseutfordringane i besetninga, og sist, men ikkje minst; korleis blir det økonomiske utkomet når slakteoppgjera for lamma kjem inn på kontoen i slutten av august og utover?

Det kan bli ikkje så verst. Nå er sauebøndene for første gong sidan 2017 på veg inn i ein sesong som startar utan sau og lam på fryselager. Det er rett og slett marknadsbalanse. «Sauebestanden synes å være på et riktig nivå», heiter det i prognosen til Totalmarked kjøtt og egg. Er «riktig nivå» for passivt? Burde ein ikkje heller nytta høvet til å sjå på kva som kan gjerast for å auke salet av sau og lam?

Grovt rekna kan ein seia at 75 prosent av inntektene i sauehaldet er politisk bestemt, medan marknaden syter for dei resterande 25 prosentane. For bønder med besetningar over 150 sauer blir den politiske delen, les husdyrtilskotet, noko mindre viktig til større flokken blir, mens det er vice versa for dei med 150 sauer eller færre.

Marknadsbalanse betyr låg eller ikkje omsetningsavgift, og dermed betre oppgjerspris. Det kan vidare bety, dersom ikkje kostnadsveksten held fram, at det kan verta meir interessant for sauebønder med ledig kapasitet å auke talet på dyr. Då veit alle som har vore med ei tid, at marknadsregulator må skru på fryseaggregata som følgje av ny overproduksjon. Og dermed kjem ein ny dump i økonomien for sauebøndene.

Spørsmåla om produksjonen av sau og lam her i landet bør regulerast for å ivaretaka struktur og økonomi blir diskutert i både faglaga og Norsk Sau og Geit. Er det mogleg å få til ei eller anna form for produksjonsregulering på levande dyr som er i tråd med god dyrevelferd, er rettvis og tek omsyn til alle – og som er innafor handelsavtalar og EØS?

Her er me ved kjernen i det store dilemmaet. Heller ikkje denne gongen ligg det skråsikre svaret på korleis næringa best regulerer produksjonen i dagen.

Men noko må gjerast. Helst før fryselagera byrjar å fyllast att.

Bothild Å. Nordsletten