Balansegjødsling 2.0

Bothild Å. Nordsletten
Dei fleste bønder tar nok for gitt at «balansegjødsling» inneber å gjødsla i balanse med avlingane du haustar. Slik har jo prinsippet vore meint sidan fosfornorma vart justert i 2008.
Men med innføringa av dei nye gjødselreglane verkar regjeringa å ha gitt ordet ei ny meining. Og den nye «balansegjødslinga» er i ferd med å skapa uheldig forvirring.
For med det nye regelverket har du nemleg to val. Anten må du gjødsla etter lågare grenser for fosfor. Eller du må kunne dokumentera balansegjødsling på gardsnivå.
Berre at sistnemnde ikkje lengre tyder å tilføra næring i balanse med næring tatt ut gjennom avlingar.
Nei, etter 2027 vil balansegjødsling innebera at alt fosforet som kjem inn på garden – frå kraftfôr, eige og innkjøpt fôr, gjødsel og dyrestatus, til kjøt, mjølk, fôr og livdyr – skal stå i eit 1:1 forhold. Eller lågare.
Éin ting er at landets fremste ekspertar meiner dette er nesten umogleg å oppnå. I Bondebladet kjem det fram at korkje Harald Volden ved NMBU, Anders Rognlien i Yara eller mjølkebonde og talknusar Jørn Viste i Hå trur 1:1 er
realistisk for den gjengse bonde.
1:1,3 er meir realistisk, spelte Yara inn i sitt høyringssvar til regjeringa. 1:1,2 vågar Volden seg.
Dette er signal som me håpar at landbruksdirektoratet verkeleg tar til seg i arbeidet med ei rettleiing til gjødselbrukforskrifta.
Eit anna alvorleg forhold er den nemnde forvirringa kring kva balansegjødsling ér – og korleis ein skal måla den.
I førre utgåve av Bondevennen går jærbøndene Kristian Vinningland og Geir Jone Pollestad til frontalåtak mot den nye definisjonen. «Kompliserande, forvirrande og heilt unødvendig i forhold til å ha kontroll på fosforrekneskapen og -status ute på jordene», meiner dei to. Dei tar til orde for at jordprøvar bør fungera som ein fasit for balansegjødsling.
Men her er ikkje lengre ekspertane samde med jærbøndene. Landbruksdirektoratet har nemleg fått høyringssvar frå mellom andre NMBU og NLR som nå meiner at jordprøvar ikkje er godt nok for å dokumentera om fosforbalanse-gjødsling er gjennomført.
Ekspertar Bondevennen har snakka med meiner P-AL er eit alt for upresist verktøy for å vurdera gjødslingspraksis på gardsnivå. Dei hevdar også at det er svært sannsynleg at du vil få ulike svar om du tar ut GPS-festa jordprøvar med fire-års-intervall.
Og kva då for bonden, om fosfortala aukar i løpet av dei fire åra, sjølv om det er målemetoden og ikkje gjødslinga, som skapar uvisse?
Dei nye gjødselreglane som trådde i kraft 1. februar inneber heldigvis ein overgangsperiode på to år før fosforgrensene strammast til.
Dei to åra må nyttast godt slik at ein får landa ein skikkeleg mal for balansegjødsling, og ein rasjonell praksis for bøndene.
Eit regelverk å strekka seg etter gir meining. Ei forskrift der ambisjonane er så høge at bønder gir opp, kjem skeivt ut frå start.
DEI SISTE LEIARANE:

100 år etter Hitra
Går det eigentleg rette vegen? Kjenner me historia godt nok til å unngå å gjenta fortidas feilgrep?

Ein langtidsplan for maten
Det er på tide å bygga beredskap. Den spente situasjonen i verda, den handelspolitiske uroa, den føreståande opprustinga og den stadig ruvande klimakrisa levnar ingen tvil.

Våronn i absurditetane si tid
Me treng ikkje gni det inn. Den globale politiske situasjonen er absurd. Dei store overskriftene i nyhendemedia kan for tida få den sterkaste sjela til å få skjelven berre av synet av sin eigen skugge.