«Det har noko å seia for identitet i heile Noreg, at ting får vera der det kjem frå.»
Arne Brimi, kokk, gründer og gudbrandsdøl til NRK Dagsrevyen 26.9.

 «Det er egentlig et privilegium at produktene er så nære folk at det skaper et så voldsomt engasjement. Men vi må også ta hensyn til mer enn følelser.»
Sindre Ånonsen, kommunikasjonssjef i Tine til E24 26.9.

Tine skal sikra best mogleg lønsemd for mjølkebonden. For å oppnå dette vurderer samvirket å legga ned også meieriet i Lom og Skjåk, der 10 prosent av Gudbrandsdalsosten blir kokt. G-35 – osten som bidreg til å gjera nordmenn til nordmenn.

Kjendis-kokk Arne Brimi meiner at ikkje berre den lokale, men heile den norske identiteten står på spel. Facebook-gruppa «La G-35 leve» har i skrivande stund 43 000 følgjarar. 12 lokale ordførarar har protestert. Og landbruks- og matminister Geir Pollestad ber Tine tenka seg om. Til Nationen oppmodar han Tine til å legga vekt på kulturell identitet, historie og geografisk opphav. Men kor viktig er identitet i 2023?

I italienske Parma, franske Champagne og vårt eige Hardanger, er det viktig. Der, og på ei mengd andre sjølvsikre stader, har dei trygga stadnamna på dei lokale produkta sine. «Hardangersider», til dømes, kan ikkje nyttast andre stader enn akkurat i Hardanger.

 Så ja, forretningsmessig «mjukare» faktorar som identitet og historieforteljing er viktig. Folk sine følelsar for ting genererer konkret verdiskaping. Ei sterkt forankra merkevare – som brunosten – kan vera gull, om den blir forvalta smart. Tine tar dermed ein sjanse, om dei stenger i Gudbrandsdalen.

Like fullt, den viktigaste jobben til Tine er å syta for best mjølkepris til bonden. Ikkje å røkta ein nasjonal identitet i stadig endring. Som milliardkonsern har samvirket så klart samfunnsansvar, og mat, som Tine produserer, er grunnleggande i ein kvar nasjonal kultur og sjølvbilete.

Men vart me «mindre norske» då Tine la ned produksjonen av Balsfjordost, flytta Kviteseid-smøret frå Setesdal til Agder, eller 100 millionar liter Jarlsbergmjølk til Irland?

Svaret avheng av augene som ser. Og dei aller fleste ser ikkje ut til å bry seg. Vel så viktig for Tine er spørsmålet om i kva grad nemnde tiltak har styrka mjølkeøkonomien.

Skulle utfallet blir kroken på døra i Lom og Skjåk, kan du trøyste deg med at G-35 produsert i Byrkjelo i Vestland eller Storsteinnes i Troms, smakar det same som dølen’. Og når smøret kinna i Agder framleis går unna som ‘Kviteseid’, kan vel Gudbrandsdalsosten blir heitande nettopp det, uansett kor den kokast.

Kommentator Joacim Lund formulerer det smerteleg presist i Aftenposten førre laurdag: «Når det kommer til stykket, er kanskje ikke tradisjonsmaten det mest særegne for matnasjonen Norge – men likegyldigheten til den.»  

Bothild Å. Nordsletten