På tampen av fjoråret hevda leiar for det regjeringsoppnemnde Demografiutvalet, Victor Normann, at me har ti-tjue år på oss for å forhindra at distrikts-Noreg blir til «ein gamleheim i naturskjøne omgjevnadar». For, som rapporten hans viser, distrikta blør folk til byane, og då særleg dei unge.

Kampen for å få folk tilbake og til å skapa levedyktige bygder står derfor no. Og den står midt i Bondevennen sitt oppland, der også utarming av jordbruksmiljøa har vore tema lenge.

Bonden er sentral for å vinna kampen. Ikkje berre held ho i hevd dei naturskjøne omgjevnadane Normann talar om, ho produserer òg mat i dei. Og ho før fram stadig nye generasjonar som i kvar fase av livet bidreg til å halda oppe lokale tenestetilbod.

Matproduksjon og eit mangfaldig Sør- og Vestland er med andre ord viktig som aldri før. Tema blir truleg viktig under komande stortingsvalkamp, og det er heilt i kjernen av kva Bondevennen handlar om.

Bondevennen er no det einaste jordbruksfaglege abonnementsbladet att i Sør- og Vest-Noreg. Ingen er så tett på grasrota (bokstaveleg tala) i desse viktige produksjonsområda, som Bondevennen. Det forpliktar.

Og nyttårsforsettet vårt er opplagt: I 2021 legg me oss i selen for å gi deg eit ennå betre blad! I vårt 123. år skal me freista å skriva endå meir relevant om drift og familieliv på gardane. Om fag, politikk og om utviklingstrekk i marknaden, så vel som distrikt og bygd. Tett på, konstruktivt, og alltid med eit blikk på den store himmelen over.

Bladet vårt står støtt i den sør- og vestlandske landbruksfamilien. Likevel merker også me nedgangen i talet på bønder. Også me ser skuggar frå fjorårets korona-knekk over abonnementstal og annonseinntekter. På sikt må nok difor også Bondevennen ta grep for å tilpassa seg smalare tider og endra mediavanar.

Om du vil hjelpa oss å oppnå forsettet vårt, set me stor pris på det. Me tar svært gjerne imot idear, tips, ros, ris og engasjerte lesarbrev.

God lesnad – og godt nyttår!

Bothild Å. Nordsletten