Av skade blir ein klok. Det er kanskje difor bøndene nett no sit på gjerdet, tel knappar og lurer på kor glansbiletet av landbruket har blitt av.

Me kan bruka slaktegris som eit døme på investeringstørkestoda. I fjor låg dekningsbidraget hjå slaktegrisprodusentane på Haugalandet og Sunnhordland på eventyrlege 600 kroner. Så gode tal skal ein sjølvsagt gle seg over. Har du derimot eit utslitt slaktegrishus og vil bygga nytt konsesjonshus, må du rekna med ei investering på elleve millionar kroner (huset kosta tre millionar i 2003). Dette i følgje tal frå SpareBank 1 SR-Bank. For å få reknestykket til å gå i hop, må, med to strekar under må, dekningsbidraget vera drygt 600 kroner grisen. Då kan du i beste fall få eit resultat som så vidt vippar over på pluss-sida. Dette dekningsbidragsnivået må så vera stabilt eller helst aukande i åra som kjem. Kloke av skade. Det kjem ikkje til å skje. Difor er det ingen som bygger nye hus til slaktegris i dag.

Bøndene i Bondevennen sitt nedslagsfelt har hatt ein lang tradisjon med å vera modige. Dei siste to, tre generasjonane har vore investeringsviljuge ut frå tanken om at landbrukspolitikk og prisutvikling er sånn nokolunde føreseieleg. «Historia har synt at det lagar seg», har vore ein ikkje heilt ukjent tanke før bonden har signert lånepapira.

No er mykje annleis. Å investere elleve millionar kroner i eit nytt slaktegrishus er utenkeleg. Rett og slett fordi reknestykket ikkje går i hop. Om bonden er sprekkferdig av virkelyst og iver, kan ho ikkje gå til banken og argumentere for lån med base i tru og håp.

Det er mange ting som nå må på plass for å hindra ei eskalerande avvikling og få tilbake investeringslysta og verketrongen. Bøndene sine tillitsvalde og styresmaktene har mykje å ta tak i utover hausten og vinteren. Det er berre å ramse opp nokre av punkta: Renta må stabiliserast og kostnadsveksten bremsast opp. Kjøt-, egg- og mjølkemarknaden må i balanse, og forbrukarane må få tilbake kjøpekrafta og trua på at mjølk og kjøt er sunn og god mat. Den mykje omtalte opptrappingsplanen må på plass. Og så må bøndene få avklaringane som vil ligga i den alt for lenge varsla gjødselbruksføreskrifta, som potensielt kan få store konsekvensar, særleg på Jæren.

Ingen har sagt at flokane er enkle å løysa. Men me er overtydde om at det let seg gjera å også i ei særs uroleg tid styra landbruket i ei retning som får bøndene ned frå gjerdet. På rett side.

Dei som jumpar ned på feil side, får me ikkje tilbake.

Sjur Håland