image description

«Gløym det urbane, landsbygda er det nye svarte. Og dei ultimate trendsettarane er bøndene sjølv.» Det skriv den svenske avisa, Dagens industri, med bakgrunn i analysebyråret Kairos Future. Trenden viser seg spesielt på Instagram og Facebook. Bønder som deler frå sin kvardag får følgjarar i hopetal, og kan nyte likes i fleng.

Trenden kan forklarast ved hjelp av verdsbiletet. Ei uroleg verd gjer at folk søker til det opphavlege og trygge. – Vi meiner at årsaken er at vi er i ei utrygg tid med mykje forandring. Mange lengtar etter symbol som står for tryggheit og stabilitet. Der er bonden ein sterk arketype”, seier Magnus Kempe, frå trendanalysebyrået Kairos Future. Kempe veit likevel at bøndene sjølv ikkje alltid kjenner seg komfortable med å vere eit symbol på eldgamal rural visdom. Landbruket er så mykje meir, og diskusjonar om politikk og framtida i næringa pregar også dei sosiale media.

I Noreg har me mange eksempel på bønder som gjer suksess som bloggarar. Til dømes ho som vart kåra til årets landbruksbloggar, Live Svalastog Skinnes. Som ein kommentar til analysebyrået sin konklusjon skriv ho på Facebooksida, som har same namn som bloggen hennar, Gardsfruene: «Det finnes ikke noe meir trendy enn å være bonde!! Det står blant annet at utrolige gårdsbilder blir det mest populære i sosiale medier… well well, jeg føler jeg er på riktig hylle! 🙂 High five guys! :* Til teksten har ho lagt ut eit bilete av kvite hestar på ei grøn eng. Den eine hesten geispar medan den andre hesten ligg på sida av ei dame med blondt hår, mest sannsynleg bloggaren sjølv.

Me som lever midt i landbruket kan ha utfordringar med å forstå kor fjernt matproduksjon og bondeyrket er for folk flest. Men ein treng ikkje gå lenger enn til kaffi med vennegjengen før opplysningsbehovet melder seg. Alle har ikkje ein slektning som driv gard i same grad som før, og kunnskapen om gardslivet blir stadig utvanna. Då er det supert at sosiale kanalar på nett kan fylle tomrommet etter tanta og onkelen som dreiv med mjølk. Kunnskap om landbruket er ferskvare, både for bøndene, som forvaltar drifta, og forbrukarane, som er avgjerande for resultatet.

Kvart år i forkant av jordbruksforhandlingane har Bondelaget ein kampanje. Målet er å komme i kontakt med folk, og auke deira kunnskap om bønder og matproduksjon på ein positiv måte. I år har Bondelaget retta blikket mot barnehagar og skulebarn. Der lokallaga skal invitere seg sjølv inn i klasseromma eller lage til aktivitetar på garden. Kampanjen ber namnet: «Norge trenger bonden», og skal gjere det tydeleg for elevar og barn kor viktig det er å produsere god og trygg mat der folk bur. Lite harmonerer betre med å tre inn i eit klasserom enn tittelen «mest trendy». Me gler oss over at bøndene kan sole seg i denne glansen. Det er vel fortent!

Jofrid Åsland