bv47_leiar


Kloden heldt pusten. I desember for eit år sidan vart verdas land samde om ein klima-avtale i Paris. Målet er å avgrensa den globale temperaturauken til 1,5 grader – iallfall ikkje meir enn to. Stig temperaturen meir enn det, vil klimaendringane bli umoglege å kontrollera. Same veka som klimafornektaren Donald Trump vann presidentvalet i USA, starta FNs første store klimamøte etter Paris-toppmøtet i Marrakech, Marokko. På overtid vart ein plan for gjennomføring av Paris-avtala vedtatt. Samstundes meldte FNs meteorologiorganisasjon at 2016 truleg blir det varmaste året som nokon gong er målt. Den globale gjennomsnittstemperaturen er no 1,2 grader over nivået i førindustriell tid.


Utviklinga lovar ikkje godt for behovet for auka matproduksjon. Med ein veksande folkesetnad må den globale produksjonen opp 70 prosent fram mot 2050, ifølgje FNs organisasjon for ernæring og landbruk. I Noreg er målet 20 prosent auke fram til 2030. Helst utan vekst i klimautsleppa. Klarer me det? Medan nabolanda våre kuttar, har klimagassutsleppa i Noreg dobla seg sidan 1990. Og dei aukar framleis. Det rår ein avgrunn mellom alvoret me står andsynes og det som blir gjort for å stagge klimaendringane.


Mangelen på politisk mot og handlekraft hjå dei som erkjenner trugsmålet er langt meir alvorleg enn grynta til generasjonsarrogante klimafornektarar. Noreg oppfyller korkje internasjonale klimaforpliktingar eller forpliktinga overfor etterslekta, ved å messa om det «grøne skiftet» medan grønt lys samstundes blir gitt til nye oljefelt og utsleppsdrivande internasjonale handelsavtalar. Framtida vil ikkje, og kan ikkje bli som før. Teknologien aleine kan ikkje redda oss. Meiner me alvor med eit grønt skifte, må omstillinga merkast. På kroppen. På forbruksmønsteret vårt. Og på måten mat blir produsert og omsett på. Så kva skjer? Dei folkevalde har krangla om ører i ei drivstoffavgift utan klimaeffekt. Kunne me sjå inn i framtida, er det truleg dei vantru blikka til barnebarna våre som stirer attende på oss.


Landbruket har for lengst erkjent å vera ein del av klimaproblemet, og tek grep. Utsleppa frå sektoren er ned 13 prosent sidan 1990. At Tine, Nortura og Felleskjøpet Agri no går saman med Norsk Landbruksrådgiving og Norges Bondelag i prosjektet «Klimasmart landbruk-nye løsninger», er éit viktig steg. Landbruket kan likevel aldri bli heilt utsleppsfritt. Og det er ein sektor me absolutt ikkje kan leva utan. Mat må me ha. Då er det viktig å unngå at folks manglande forståing for korleis mat blir produsert og omsett, blir til fordommar næringa ikkje er tent med.


Trendane i samfunnet vitnar om ein veksande opinion som er over gjennomsnittet opptatt av bærekraftig mat og som ynskjer å gå lengre enn å diskutera drivstoffavgift. Landbruket må få denne opinionen ombord, slik at komande klimatiltak ikkje går på kostnad av framtidig norsk matproduksjon, eller distrikta der den føregår.
Landbruksaktørane har mykje å vinna på å bli ennå tydelegare i klimasaka. Også utanfor eigne rekker.




Bothild Åslaugsdotter Nordsletten