Bovaer eller ei

27. juni 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Dei siste vekene har debatten for og imot metanhemmar til storfe rast i og utanfor jordbruket. 18. juni var det også tema på Stortinget, under handsaminga av årets jordbruksavtale. Opprop mot Bovaer samla over 30 000 underskrifter, men Stortinget banka forslaget gjennom. Bruk av stoffet kan bli eit krav frå 2027, med trekk i produksjonstilskotet, om du nektar.

Symbolklimapolitikk? Ei kjemisk miljøgift? Som gjer deg ufruktbar? Har me forska nok på det? Eller – er motstandarane fakta-fornektande konspirasjonsteoretikarar?

Debatten har sendt mange bønder i tenkeboksen. Somme erklærer  at dei aldri vil bruka metanhemmar på eigne dyr. Andre er positive. Andre igjen nølar og etterlyser meir forsking under norske forhold. I miljøet er det også uro for ein mogleg forbrukar-reaksjon mot metanhemmar – anten den skulle bli fakta- eller fordomsbasert.

Men kva skal du som storfebonde gjera?

Bondevennen minner om at klimakrisa er reell. Og om at kua i norsk matproduksjon ikkje er problemet. Det er det olja, gassen, industrien, transporten og overforbruket vårt som er.

Slik sett er Bovaer talande for korleis me som sivilisasjon vel å møta sjølv ei eksistensiell krise: I staden for djuptgripande politikkendringar, i staden for kraftfull premiering av klimavenlegare agronomi og matsystem, smell me plaster på symptoma. Det er det tilsetting av metanhemmar i fôret til drøvtyggjarar er. Slik også teknisk karbonfangst- og lagring, eller biodrivstoff i syden-flya er plaster på overforbruket vårt.

Når Bondevennen ikkje avviser metanhemmarar er det på grunn av alvoret i klimakrisa og den svinnande tida me har til kanskje å kunna avverja dei verste konsekvensane av den.

Alle sektorar må og skal kutta kraftig i utsleppa sine. Jordbruket har ein klimaavtale med staten som skal vera innfridd om fire og eit halvt år. Ifølgje Riksrevisjonen er ein ikkje i nærleiken av nå målet.

Det er verdt å merka seg at også Riksrevisjonen trekk i tvil effekten av metanhemmar. Men så er det også berre eitt av fleire tiltak i avtala. Alle tiltak må takast i bruk, skal jordbruket ha sjanse til å kutta fem millionar tonn CO2-ekvivalentar i tide.

Sjølvsagt kan det kjennast urettferdig, men slik er klimarekneskapen, slik er klimapolitikken: Som bonde får du ikkje godskrive CO2’en som areala dine fangar og lagrar, men du skal straffast for ikkje å putta eit tilsettingsstoff i kyrne dine. Og kva då, dersom jordbruket mislukkast? «CO2-avgift» blir nemnt stadig oftare, og er alt ein realitet i Danmark. Det er ingen tom trussel.

Når dette er sagt meiner Bondevennen at god agronomi er og blir det viktigaste for klimaet. Det er ennå mykje å henta på avl, friske og fôreffektive dyr, tidlegare slått, betre grovfôr, mindre jordarbeiding og mineralgjødsel. Sjølv i Rogaland er det alt for stort spenn i grovfôrkvaliteten.

Og medan mange ventar på over­tydande resultat frå metanhemmar-forsøk under norske forhold, ser me i møte klimainsentiv i form av nye tilskot for grasfôra mjølk og kjøt.

God sommar!

DEI SISTE LEIARANE:

Snart brenn det skikkeleg på dass

Snart brenn det skikkeleg på dass

Heile Norge har fått med seg at det kokar i gjødseldebatten i Rogaland, men snart brenn det for alvor på dass – eller meir presist: i gjødselkjellaren. Det hastar nå. Utfordringane bønder får med mindre spreieareal er berre toppen av isfjellet.

Mangel på respekt og bondevett

Mangel på respekt og bondevett

Naturbeitemark blei ordet me seint vil gløyme frå sommaren 2026. I starten av juli skreiv Bondevennen om Gro Sevheim, som fekk eit varsel om oppheving av spreieareal frå Statsforvaltaren midt i ferietida. Bonden samanliknar varselet med eit slag i trynet.

Sommarminna bleiknar aldri

Sommarminna bleiknar aldri

Det kjennest som ein augneblink. Våren var akkurat her og gjorde verda ljos. Så, vips, er sommaren på plass med lauvtunge tre og frodige grøne enger.