image description

 

I skrivande stund rår det ein kaotisk situasjon for jordbruksoppgjeret. Presset frå regjeringa sine støtteparti, KrF og Venstre, er stort for å få partane til å gå i nye forhandlingar. Vel vitande om at endringar av jordbruksavtalen i Stortinget er ein usikker veg, legg dei nå trykk på å få eit forhandlingsresultat. KrF har stor fallhøgde for å behalda truverde i landbrukspolitikken. Samstundes veit vi at det er store endringar som må til, både på innretting og ramme, for at jordbruket sine organisasjonar kan ta eit medansvar og gå for avtalen.

Den formelle gangen vidare, gitt at brotet blir ståande, er at Regjeringa legg fram proposisjonen om jordbruksoppgjeret 23. mai. Deretter opnar næringskomiteen for høyring den 27. mai. Det er knytta stor spenning til komiteen sine merknader og Stortingets handsaming den 17. juni.
Som kjent er det tradisjon for at Stortinget vedtar staten sitt tilbod. Med det politiske klimaet vi opplever om dagen er det likevel grunn til å vente at Stortinget, etter innstilling frå næringskomiteen, tilfører regjeringa sitt tilbod friske budsjettmidlar.
Alternativt kan stortingsfleirtalet tilføre merknader til statens tilbod, som vil gi føringar når jordbruksavtalen skal vetas som ein del av statsbudsjettet.
At Stortinget går inn og justerer politikken, eller innrettinga i avtalen, sit nok lengre inne. Det vil langt på veg vera mistillit mot landbruksstatsråden og regjeringa, med dei konsekvensar det kan gi. Vi kan truleg ikkje rekne med at regjeringa sine støtteparti strekker strikken så langt.
Stortingsfleirtalet kan også avvise staten sitt tilbod, og returnere proposisjonen til regjeringa. Regjeringa må då legga fram ein tilleggsproposisjon der dei tek omsyn til Stortingsfleirtalet sine føringar. Tida for behandling i vårsesjonen vil då bli knapp. Utan eit vedtak, før Stortinget tek sommarfeie, vil det ikkje vera eit jordbruksoppgjer å styre etter før Stortinget igjen samlast i haustsesjonen.

Mange er uroa over jordbruksavtalen, som forhandlingsinstitutt, om den blir overstyrd av Stortinget ved at Stortinget ikkje viser nødvendig respekt for forhandlingane. Vi ser klart dette poenget, men det må vegast opp mot den utfordringa vi nå har i Norge, då regjeringa sin landbrukspolitikk er i kraftig utakt med stortingsfleirtalet og gjeldande landbrukspolitikk.

Den breie oppslutnaden om bøndene sine aksjonar dei siste dagane, tyder på at det langt på veg står ei samla næring bak faglaga sitt vedtak om å vrake tilbodet frå staten. Dei fleste ser at innrettinga av tilbodet er eit første trekk på vegen mot billegare mat, auka strukturrasjonalisering og mindre statlege overføringar. I eit lengre perspektiv vil også dei som i første omgang tener på regjeringa sin medisin, koma under press, med redusert støtte og truleg eit svekka tollvern.
At Framstegspartiet sin landbrukspolitikk dreg i denne lei, bør ikkje overraske nokon, men at det blir tillate av Høgre, overraskar. Her trengst det klar tale frå Høgre sine representantar på grasrota. I klare ordelag til statsministeren viser høgreordførar Marthon Skårland, i Bjerkreim, vegen når han i brevs form refsar eige parti.
Vi ventar at fleire følgjer hans eksempel.