Ledig tid i vinter? Mas, still spørsmål og ver kravstor. Gjer det travelt for rådgivarane dine. Deira råd er ikkje dyre!

Beitesesongen er på hell. Haustjakta er i gang. Mørkret kjem krypande. Dagane blir kaldare og kortare. Norge er i ferd med å gå over på sparebluss. Me ser det gjerne i dei små tinga. Som at folk skrur av varmekablane i gangen og justerer ned temperaturen på varmepumpa eit hakk eller to og vel å bruka handlenett i butikken i staden for plastposane som har blitt ei krone dyrare og nå kostar tre kroner.

Ei krone her, og ei krone der … Det blir pengar av slikt over tid.

Også bøndene skrur av varmekablane på badet i desse tidene. Sjølv med kompensasjonsordningar og straumstøtte – og sjølv om ei straumsløyfe under baderomsgolvet ikkje kan reknast for meir enn eit piss i havet, er behovet for å gjera det som gjerast kan for å redusere utgiftene sterkare enn ubehaget med å frysa på tærne på steinkaldt badegolv.

Om me skal tru det me høyrer, ser og får fortalt, står det ikkje så aller verst til ute på gardsbruka. Det er inga direkte krisestemning her i Sør-Vest, sjølv om den brutale kostnadsauken pregar den økonomiske kvardagen uansett kva produksjon du har. Men, «det drar seg til», som ein av økonomirådgivarane i distriktet sa til Bondevennen nyleg.

Det er ikkje berre elg og hjort det blir jakta på i jordbruket. Kostnadsjakt har vore eit kjent omgrep alt i fleire tiår. Nå blir jakta intensivert etter kvart som utgiftene stig og renta gjer sine byks oppover. Medan Grytten-utvalet og bøndene sine faglag freistar å gjera talgrunnlaga så realistiske som råd fram mot jordbruksforhandlingane neste år, må den enkelte bonde ta utgangspunkt i eigen saldo og det som drifta tar og gir frå dag til dag.

Landbruket er i ei særstilling når det gjeld tilgang på rådgiving innanfor nærast eit kvart felt. Frå juletre til påskelam og leasing. Mellom stelleøktene i haust og gjennom vinteren er kanskje det mest lønsame du kan gjera å pleia kontakt med spesialistane på dei ulike fagfelta, som sit på eit kontor nær deg.

Det er tid for optimalisering og fintuning av produksjonane. Det er tid for å undersøkje moglegheitene og økonomien i å investere i solcellepanel på løetaket. Løner det seg å byte til led-lys i grisehuset, eller kople ein varmegjenvinnar til kjøleaggregatet? Er det aktuelt å utvide kredittgrensa for å kjøpe gjødsel nå? Kor fort vil ein presisjonsgjødselspreiar betala seg? Husdyrgjødsla i kjellaren er verdifull. Skal du tilsetje flytande kalk for å halda stabil kalktilstand i jorda, eller er pH i jorda slik at det vil gi betre gjødselutnytting å kjøre på større mengder kalk på tradisjonelt vis på klaken i vinter. Snakk med ein av ekspertane dine.

Innefôringa er i gang. Det luktar friskt surfôr like ut i tunet. Men kva er eigentleg innhaldet og fôrverdien i den heimeavla spesialblandinga di? Får mjølkekyrne det dei treng av protein og fiber, eller får dei for mykje av det gode. Kva er det billegaste kraftfôret til surfôret du brukar nett nå? Kan det rett og slett løna seg å investera i ein ekstra kraftfôrtank for å bruka det billegaste kraftfôret til gjeldkyrne og oksane?

Vær sjef. Still krav og still spørsmål til dei som skal toppa din ekspertise. Rådgivarane sin jobb er å tena deg slik at du kan tena pengar. Sjølv i magre og dyre tider.

Sjur Håland