Bondevennen rundar av 2018 med snart 121 år bak oss og framtida i blikket. I denne juleutgåva får du sjå korleis førstesidene som har pryda bladet sidan 1898, har endra seg, slik også innhaldet og stilen i bladet har blitt meir fargerikt og mangfaldig.

Trass i store endringar i landbrukspolitikken og i bondens vilkår i denne perioden, er det ikkje til å koma unna at mange av problemstillingane bladet tok opp på 1920-talet, i 60- eller 80-åra, framleis er like relevante i dag. Gjødselproblematikk, strukturrasjonalisering, trøbbel i mjølkeproduksjonen eller spådomar om landbruket sitt endelikt – lista over dei evige utfordringane i jordbruket er lang.

Det er difor med eit visst atterhald me vågar påstanden at næringa, no ved vintersolkverv, står i ei brytingstid. Dei har det vore mange av, men likevel:

– Klimaendringane set oss på prøver som snart kan bli eksistensielle her nord, og som alt undergrev livsvilkåra til folk andre stader i verda. Landbruket har nesten kome under eit tyngre skyts enn oljeindustrien og overforbruket.

– Medan me overproduserer -, importerer, og hiv store mengder mat, blir bøndene stadig færre og meir sårbare.

– At Reko-ringane, ein kanal for direktesal av mat frå bonde til forbrukar, har nådd over 100 000 medlemmar på berre eit år, hintar om eit gryande oppgjer med mektige daglegvarekjeder og tungrodde samvirke.

– Kjøt er i ferd med å bli stigmatisert. Debatten om animalske proteinar kontra klima og veganisme tok av i år. I skrivande stund har Unge Venstre i Oslo nettopp fremja forslag om å fasa ut husdyr til matproduksjon. Det kunne knappast skjedd på eit tidlegare stadium av menneskehistoria, som stort sett har vore prega av mangel og feitthunger.

Kva er landbruket sitt svar på desse utfordringane? Det er enno ikkje gitt, men Bondevennen vil halda fram med å skriva både om problema og løysingane.

Nokre av utviklingstrekka kan gjera oss forvirra eller missmotige, men dei byr også på spanande moglegheiter. Det handlar om teknologiske nyvinningar. Men ennå meir handlar det om nytten, meininga og den gilde samlivnaden mellom menneske, dyr og natur som jordbruket representerer og kan tilby i ei tid med overflatisk statusjag, klimaangst og passiviserande skjermbruk. Om noko, så må bodskapen vera at jordbruket er ein større del av løysinga, enn av problemet.

I brytingstida spirer ideane til det som kan bli nye framgangsmåtar, næringar, arbeidsplassar og alliansepartnarar for landbruket. Me gler oss til å skriva om alt dette i Bondevennen, og vonar du og mange nye lesarar vil vera med på ferda.