illustrasjon til leiaren

Nytt år med 366 nye dagar til disposisjon. Vi blar om, og opnar ei ny bunke med ubrukte dagar. Det har alltid i seg mogelegheiter. Grip dagen. Nyttår er tida for å ta eit lite kvileskjær. Skal vi justere kursen eller kopiere fjoråret? Vårt eige handlingsrom for endring er kanskje større enn vi trur.

Det store bildet er prega av flyktningkrise, klimakrise og krigen mot terror. Overveldande og uhandterbare greier for den enkelte. Men vi er alle ein del av verda og inngår i summen av alle. Den einskilde si haldning og medverknad blir til slutt avgjerande. Kvar tid har sine utfordringar. Vår tid og vår bransje krev våre løysingar. Melder eg meg inn eller melder eg meg ut?

Dramatisk fall i oljeinntektene slår innover det norske samfunnet og arbeidslivet med sterke vindkast. Arbeidsløyse, finansiering av velferdsordningar og andre offentlege utgifter utfordrar. Det er lettvint å synse om desse tinga, blir ein personleg råka av økonomiske nedgangstider er det blodig alvor.

Arbeidsløysa blant ungdom er i ferd med å setja ein generasjon utafor arbeidslivet i Europa. Kombinert med skrantande velferdsordningar er det ein latent, farleg situasjon. Dei store gruppene som står utafor fellesgoda har ingen ting å miste og vegen til fløypartia i det politiske landskapet er kort. Vi er ikkje der, men gjer klokt i å innrette politikken på ein annan måte enn EU for ikkje å koma i same situasjon.

Politikarane og næringslivet står overfor ein ny og særs krevjande situasjon. Skal ein tenke og handle tradisjonelt om vekst og nyskaping, eller skal ein ta omsyn til to-gradersmål og klimaavtale? Handlingsmønsteret til næringsliv og folk flest er at ein går etter pengane. Det må ligge ein økonomisk gevinst, verdiskaping og synleg nytteverdi i å handle klimasmart. I dag ser vi at kortsiktige behov blir møtt med kortsiktige løysingar. Og langsiktige behov blir møtt med kortsiktige løysingar. Vi etterlyser ein politikk for kortsiktige behov med langsiktige løysingar.

Kor står landbruket? Internasjonale handelsavtalar er ein kontinuerleg trussel for norsk matproduksjon. Regjeringa er i startgropa for utarbeiding av ny landbruksmelding. Det vil garantert stå strid om bruksstruktur, graden av sjølvforsyning på norske ressursar og kven som har definisjonsmakta av kva som er berekraftig utvikling. Trygg kvalitetsmat, produsert på ein berekraftig måte er den beste garanti for norsk matproduksjon. Utfordringa ligg i å gi omgrep som berekraftig produksjon eit konsistent og truverdig innhald.

Ved inngangen til 2015 blei vi møtt med honnørord som det grøne skiftet og tidlegare har vi blitt presentert for uttrykk som; vår tids månelanding. Det er farleg for politisk truverd om det blir med honnørorda. Retorisk gjentaking av politiske flosklar trøttar ut og kjedar. Måtte 2016 bli året då ein gir honnørorda eit konkret innhald. Carpe diem – grip dagen.

Eirik Stople