«Noreg treng bonden». Slagordet til Bondelaget har vore å lesa på bannerar og plakatar over det ganske land i årevis. Men kva, og kven, treng bonden sjølv?

I desse vårdagar brygger det igjen opp til jordbruksoppgjer. Igjen er forventingane høge. Bøndene krev høgare inntekt. Auka lønsemd er opplagt viktigast, skal viljen til å satsa vidare haldast oppe.

Men høgt på lista kjem òg betre velferdsordningar. Det er då spørsmålet om kven bonden treng blir relevant.

I denne utgåva av Bondevennen, som i førre, kastar me lys over to av bondens hjelparar. I sist veke møtte me fire pur unge og ivrige avløysarar frå Hå. Denne veka besøker me landbruksvikarane i Bjerkreim og Gjesdal Landbrukstenester.

Felles for dei, og for anna innleigd hjelp uansett alder eller nasjonalitet, er interessa for husdyr og gardsdrift – og god arbeidskapasitet. Felles er òg kor uvurderlege dei er for bonden, anten ho skal føde, han er sjuk eller dei skal på ferie. Eller i fall livet, slik det gjerne gjer – byr på uventa vanskar. Då er hjelpa god å ha. Som bonde er du bunden av garden og arbeidet på den – det ligg i yrkestittelen. Ein god avløysar eller landbruksvikar representerer fridom, når du treng det.

Fram mot juni kjem bøndene med sine krav til å vera ekstra synlege. Og trass i alt: Jorda ho eig og tradisjonen han forvaltar – tryggleiken frå å vita at ein produserer noko konkret og livsviktig – gir bonden integritet og tyngd.

Avløysarane og vikarane, dei som kjem og går på eit bruk, er mindre synlege, dei har ikkje same status i samfunnet.

Og likevel; det å måtta tilpassa seg stadig nye gardbrukarar, stella fleire ulike fjøs, det å ikkje driva sitt eige, gjerne år etter år – det krev eit eige tolmod, ein eigen klokskap, og eit hav av kunnskap. Det òg fortener å bli sett, og å stå høgare i kurs.

Visst treng Noreg bonden. Og både Noreg og bonden treng avløysaren og landbruksvikaren. Hurra for dei!

Bothild Å. Nordsletten