«Regenerativt landbruk er vegen fram for å avkarbonisera matsystemet og gjera landbruket natur-positivt og motstandsdyktig mot klimasjokk. Me meiner regenerativt landbruk er framtida.»

Skriv gjødselgiganten Yara på eigne nettsider. Og flaggar eit standpunkt som blir delt av stadig fleire storselskap i den globale landbruks- og næringsmiddelindustrien.

Bakgrunnen for standpunktet er at dei alle i aukande grad slit med produksjonsgrunnlaget sitt. Temperaturen stig. Over halvparten av matjorda på kloden er forringa. Og naturmangfaldet i randsonene av intensivt drivne monolandskap, er i ferd med å forsvinna. Dei økonomiske tapa er i hundremilliardarsklassen.

Ingen kan driva business på ein daud planet*. Storselskapa innser det omsider. Skal dei halda det gåande i det lange løp, må naturen som dei hentar verdiane sine ifrå, vera livskraftig, anten det er gjødsel, plantevernmiddel, maskinar eller mais dei sel.

Måten å oppnå dette på avheng sjølvsagt av kor ein er i verda, og av kva ein produserer. Men eit grunnprinsipp i regenerativt landbruk er å spela meir på lag med naturen. Mindre jordarbeid, til dømes. Og resultatet må uansett vera betre jord, betre avlingar, rikare naturmangfald, mindre avrenning og mindre klimautslepp. Og, ikkje minst, betre liv for dei som produserer maten.

Her heime har regenerativt landbruk blitt møtt med skepsis. Det er det lite grunn til. Her er ingen mystikk, ingen absolutt metode eller ideologi. Heller handlar det om observant og god agronomi. Heilskapleg gardsplanlegging kallar Bondevennen-journalist Sjur Håland det. Og kanskje er skepsisen i ferd med å letta. Denne veka har Håland teke turen til jærbønder som er nyfikne på regenerativ drift, ikkje minst i beitepraksisen. Stikkord: Betre utnytting av eigne ressursar, betre jordhelse og entusiasme for den nye innsikta.

Landbruk utgjer ein del av problema som verda slit med. Derfor er det også ein del av løysinga. I praksis inneber det at mykje må gjerast annleis i næringa, globalt og her heime. Difor bør bøndene møta regenerativt landbruk med eit ope sinn.

Bothild Å. Nordsletten

* «There’s no business to be done on a dead planet.” Sitat av David Ross Brower, grunnleggar av den amerikanske miljøorganisasjonen Friends of the Earth.