image description
Økonomiske unionar, frihandelsavtalar, globalisering av varestraumar og finans overstyrer mykje av nasjonalmakta og påverkar levevilkåra for enkeltmenneska. Når folk strøymer ut i gatene i Aten og Madrid for å demonstrera, er grunngjevinga først og fremst arbeidsløyse og økonomisk ruin, men også eit kraftig varsku til politikarane om handling. Ropet etter politisk handlekraft er til lita nytte, den politiske makta er flytta frå dei nasjonale parlamenta til EU-parlamentet. Godt tilrettelagt av liberale politikarar og superbyråkrati blir mykje av den økonomiske makta flytta frå den enkelte stat sitt parlament til overnasjonale frihandelsavtalar og finans. Resultatet av pengestyringa let ikkje vente på seg. Forskjellsamfunnet er i kraftig utvikling. Pengane er målet, folket er midlet.
I utaforlandet Norge ser vi også ei regjering med ein ideologi som fremjar avregulering og forskjellssamfunnet. Og la oss ikkje undervurdere ideologien. Politisk retning handlar først og fremst om ideologiske val og i mindre grad om samfunnsmessige konsekvensar. Når mange etterlyser kunnskapsbaserte konsekvensvurderingar av utspela til landbruksministeren blir dei, av ideologiske årsaker, i liten grad høyrde. Regjeringa sin ideologi om eit samfunn med mindre stat, lågare skattar, meir privatisering og for landbruket, billegare mat er styrande. Ein nyansert analyse av konsekvensane for samfunnet og landbruket og er underordna.
At retninga i politikken er meir grunna i ideologi enn i kunnskapsbasert analyse, blokkerer dessverre for ei nyansert meiningsutveksling. Vi registrerer at dialogen med landbruket sine representative organ blir mindre interessant, den nærast vore fråverande i inneverande stortingsperiode.

Dobling av konsesjonsgrense for slaktekylling er eit aktuelt døme. Av 17 tilsvar på høyringa er det bare eitt som støttar regjeringa sitt forslag om dobling. 16 negative tilbakemeldingane bør ikkje overraska mat- og landbruksdepartementet. Forslaget var ikkje forankra i landbruket sine organ. Trass i tilbakemeldingar med eit overveldande fleirtal imot doblinga, vil det overraske oss om regjeringa endrar standpunkt. Ganske enkelt fordi dette handlar om ideologi. At matministeren kan utsette forbrukarane for ei bjørneteneste med omsyn til helsestatus og rein mat blir truleg glatt avvist, då det står i vegen for ideologien om avregulering og billegare mat. Avgjersler på tvers av eit høyringsfleirtal er å vise ringakt for demokratiet.
Er landbruket fanga i internasjonale avtalar som overstyrer makta til våre folkevalde? Ei gradvis harmonisering av handelen med landbruksvarer mellom EU og Norge, i medhald av paragraf 19 i EØS-avtalen, kjem klart til syne i ostesaka. Saka blir nå rulla opp igjen. Vil regjeringa stå opp for landbruket sine interesser, eller er frihandel så sterkt ideologisk forankra, at konsekvensane for landbruket blir underordna?
I vår kultur tek vi demokratiet som sjølvsagt. Med ein nyliberal ideologi og globalisering kan vi fort få eit skinndemokrati der forvaltinga av samfunnsverdiane blir flytta frå dei folkevalde til den internasjonale pengemakta.

 

 

Eirik Stople