Mjølkekua og mjølkebonden har dramatiske haustmånadar framføre seg. Bonde- og Småbrukarlaget, Bondelaget og staten sit no i diskusjonar om korleis norsk mjølkeproduksjon skal sjå ut i framtida. Utfasing av eksportstøtta til Jarlsbergosten frå 2020 dannar utgangspunktet for kutt av opp til 100 millionar liter mjølk, rundt åtte prosent av den totale produksjonen. Førebels står bondeorganisasjonane langt frå kvarandre.

Småbrukarlaget meiner kutta hovudsakleg bør tas ved å kutte i forholdstalet, og minst mogleg ved utkjøp av produsentar. Dei meiner også at dei første 100 000 litrane på kvar gard må skjermast for nedskalering.

Bondelaget ynskjer på si side ikkje å skjerma nokon produsentgrupper og går for ein kombinasjon av utkjøp ved bruk av omsetningsavgifta, samt kvotereduksjon gjennom kutt i grunnkvote og disponibel kvote.
Svaret på korleis kuttet skal tas får me 1. oktober. Men alt no veit me at det vil svi på botnlinja til mange av landets 8000 mjølkebruk.

Då staten i 2015 gjekk inn for å fasa ut all eksportstøtte av landbruksvarer skreiv fleirtalet på Stortinget at: Utfasinga «må gjennomføres på en måte som sikrer muligheter for en gradvis tilpasning til en ny konkurransesituasjon, også gjennom at avbøtende tiltak vurderes».

Det har difor vekt reaksjonar blant somme mjølkebønder at bondelagsleiar Lars Petter Bartnes i eit intervju i Nationen 3. september avskriv moglegheita for at staten vil ta sin del av rekninga for nedskaleringa. Han viser til manglande vilje hjå stortingsfleirtal og regjering, og at bøndene dimed må bu seg på å ta støyten aleine.

Det er forståeleg at folk reagerer på det dei opplever som ei noko defensiv haldning. Bondevennen kjenner til bønder som har rekna seg fram til at kutta vil kosta dei hundretusenar alt til neste år. Kutta vil svi for bruk av alle storleikar, og ikkje minst for dei som har investert i nye, store fjøs og kjøpt eller leigd ekstra kvotar.

Me har ingen mjølkeprodusentar å missa. Samstundes er det diverre grunn til å frykta at mindre kvote og lågare mjølkepris kan føra til kroken på døra på fleire bruk. Spørsmålet er kven som må gi seg først.

Utsiktene er ikkje oppløftande. Denne gongen går det ikkje an å lita på at «det lagar seg». Men går det an å dempa nedturen noko?

På ein del bruk er det nok råd å utnytta marginane endå betre. Sett regnskapsføraren i sving med det same og legg ein plan også for det minst optimale scenariet. Hald tillitsvalde i øyrene og syt for at signal frå grasrota når vidare opp til konsernleiinga i samvirket. Om Tine ikkje har vore gode nok på å auka salet av mjølk, på innovasjon og produktutvikling – set høgare krav til nettopp det. Saman med framsynte politikarar bør også Tine leggja mykje meir press på styresmaktene for å stagga importen.

Det er sjølve lokomotivet i jordbruket og distrikta våre som no er i spel. Det er ingen grunn til å gå stilt i fjøsdørene.

Bothild Å. Nordsletten