image description

– Vi må planlegge stort nok og langt fram i tid. Uttalen kom frå direktør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Kristin Skogen Lund, i samband med den årlege NHO konferansen i Oslo. Temaet var velfungerende bo- og arbeidsregioner.

Kvaliteten på planarbeidet er avgjerande for suksess eller fiasko når planar skal realiserast. Ta til dømes planar for by- og tettstadsutvikling. Er det i tilstrekkeleg grad teke omsyn til barn og unge, gamle og uføre, trafikk og anna infrastruktur? Og kva med estetikk og støyproblematikk? Lagar vi vakre leveområde der menneska kan trivast og kjenne at dei høyrer til, eller blir det bumaskinar utan identitet.

Uttalen, vi må planlegge stort nok og langt fram i tid, er logiske ord om vi vidarefører den levemåten vi fram til nå har utvikla. Leiar i Stortinget sin transportkomite, Linda Hofstad Helleland (H), imøtekom NHO sitt ynskje, når ho stolt proklamerte at ho dei neste 20 åra går inn for å investere 1.100 milliardar kroner i samferdsel. Snakk om å tenke stort og langsiktig. Det er likevel alltid eit men. Blir framtida slik vi forventar, eller vil det koma opp andre og viktigare behov enn dei vi ser i dag? Tek planane omsyn til miljø og berekraft?
I temaet velfungerende bo- og arbeidsregioner ligg sjølvsagt det store og aktuelle spørsmålet om kommunesamanslåing. 428 kommunar skal bli til 100 kommunar om NHO får det som dei vil. Då planlegg ein, i følgje NHO, stort nok for langt fram i tid. For bygde-Norge blir kommunereforma ei viktig sak. Det handlar om å vega avstandsproblematikken mot einingar som har kraft i seg til å utvikle attraktive bu- og arbeidsplassar. Med den sterke befolkningsveksten vi er inne i, er det eit tankekors at det er fallande folketal i mange bygder, ikkje minst i utkantgrendene. Landbruket medverkar til, men maktar ikkje åleine, å halde oppe attraktive bygdesamfunn.

Også på den enkelte gard, den enkelte bedrift, er planlegging ei vanskeleg øving som det ofte er knytta usikkerheit til. Ein må ta høgde for at ting ikkje utviklar seg som planlagt. Fleksible og åpne løysingar er viktige stikkord. Det er altfor mange tilfelle av at bygningar og tun er låste for vidare utvikling av garden.

– Vi planlegg ut frå ein ide, er åpne for endringar og tek dei mogelegheitene som byr seg undervegs, seier bondegründerane Stephanie og Dagfinn Birkeland frå Sauda, i ein av gardsreportasjane denne veka. Dei har utvikla tradisjonelt husdyrhald i kombinasjon med andre produksjonar som dei har særleg personleg kompetanse for.

Denne veka startar vi ein serie der vi ser på endringane i landbruket. Trenden har vore klar over fleire ti-år. Færre bønder og større bruk. Skal ein lage ein plan for avvikling, utvikle seg åleine eller saman med andre. Fleire har tenkt som NHO-direktøren; vi må planlegge stort nok og langt fram i tid.

I landbrukspolitikken er; kva er stort nok for framtida, ei kortvarig sanning. Det er utruleg viktig at byggherre analyserer konsekvensane av planen, tek styringa og ikkje let seg overstyre av planleggarane.

Gode planar, både for samfunnet og hjå den enkelte, bør vere uavhengige og treng eit verdigrunnlag utover ei økonomisk vurdering. Målet for planane må vera eit godt liv for dei involverte sin kvardag.

 

 

Eirik Stople