Idet påskeutgåva av Bondevennen går i trykken, er regjeringas framlegg om forbod mot nydyrking av myr oppe til handsaming i Stortinget. Alle parti, med unnatak av Arbeiderpartiet og Senterpartiet, støttar framlegget.

Senterpartiet har kalla det absurd å forby nydyrking av myr for matproduksjon, medan det framleis skal vera greitt å legga myr under veg og kjøpesenter. Det har dei rett i. Partiet meiner saka luktar symbolpolitikk, at den overser det faktum at også matjord frå omgravd myr lagrar karbon, og dei trekk i tvil den totale klimavinsten.

Klima-og miljøminister Ola Elvestuen og miljøorganisasjonane står på sitt. Dei peiker på at dyrking av myr står for ein tredel av landbruket sine utslepp, og hevdar det berre er 1800 bruk som ikkje har alternativ til å dyrke på myr. Dei viser til utrekningar som seier at norske myrar lagrar karbon tilsvarande minst 3,5 milliardar tonn CO2 – 67 gonger meir enn Noreg slepp ut kvart år, og at det å forby nydyrking difor vil ha stor klimaeffekt. I tillegg dempar myra flaum, reinskar vatn og er heim for 183 truga artar.

Saka er komplisert på mange plan. Den avslører kor vanskeleg det er å einast om effektive klimatiltak, sjølv medan dei norske utsleppa aukar. Den grip inn i debatten om norsk matproduksjon. Den går inn på spørsmål om den sjølveigande bondens private eigedom og fridom til å utvikla bruket. Og den forsterkar nok mange bønders kjensle av å vera under åtak frå alle kantar samstundes. Slik føyer kanskje også nydyrkingsforbodet seg inn i rekka av saker som er i ferd med å forsterka dei politiske skiljelinjene mellom by og land.
Velkomen til det grøne skiftet. Ingen må tru det blir knirkefritt.

I lys av klimatrugsmålet og den pågåande utarminga av artsmangfaldet, meiner Bondevennen at eit forbod mot nydyrking av myr bør aksepterast, men på to ufråvikelege vilkår: At forbodet mot nydyrking snarleg blir følgt opp av eit minst like strengt forbod mot nedbygging av myr til veg og bygg. Og at bønder må kunne få godkjent dispensasjon, særleg der det ikkje finst alternativ til å dyrka på myr. Å ikkje innfri desse vilkåra, medan bøndene tek støyten, ville vera himmelropande inkonsekvent.

Eit forbod mot nydyrking av myr kan ikkje undergrava målet om auka matproduksjon på norske ressursar. Samstundes blir det for enkelt når motstandarane av forbodet omtalar myra nesten som den einaste redninga for framtidig matproduksjon. Alle veit at jordbruksarealet og talet på bønder har gått kraftig ned gjennom tidene. Likevel har produktiviteten auka såpass at næringa no overproduserer på mange område. Kvart år blir bruk lagt ned. Utan at det har vore forbod mot nydyrking.

Smartare agronomi og høgare avlingar på eksisterande jordbruksjord, dyrking av brakklagde område samt betre utnytting av utmarksområda, burde i lange tider kunne kompensera for ulempene som eit forbod mot dyrking på myr gir.

Skulle det derimot ein gong skorta på maten, noko som ikkje er heilt usannsynleg, kan politikarane gjera det dei titt viser evne til: å reversera vedtatt politikk.

Bothild Å. Nordsletten