Statistikk synar at bondeyrket er blant dei mest ulukkesutsette yrka i Norge. I tillegg til alle skadde, har 24 personar døydd på jobb i jord- og skogbruksnæringa sidan 2015, i følgje Arbeidstilsynet. Det er 24 for mange. Kvar og ein representerer ein stor tragedie. Me har sjølvsagt ikkje ein einaste å mista.

Å i ein kvar situasjon tenke seg om før ein handlar er lettare sagt enn gjort. Frå starten på våronna fram til kålplantene, ungdyra og sauene er i hus og siste rundballen er plassert på lager i oktober, kokar det av aktivitet på norske gardsbruk. Barn og besteforeldre hjelper til. Ekstra mannskap blir leigd inn. Traktorane går i skytteltrafikk til og frå. I arbeidstoppane gjennom sommarhalvåret har ikkje døgnet mange nok timar. Det er nok ein av grunnane til at det av og til går galt og mindre uhell eller også tragiske ulukker skjer.

Feilvurderingar og risikofylte snarvegar får av og til fatale konsekvensar. I førre veke gjekk Arbeidstilsynet ut og minna om farane knytt til bruk av traktor. Sjølv om me framleis ikkje har kome lenger enn til mai dette året, har det statlege tilsynet alt registrert fleire alvorlege ulukker, og dessverre også ei dødsulukke. Velting er årsak til dei fleste traktorulukkene. Traktoren kan tippa over i ulendt terreng eller om lasta fører til ubalanse. Arbeidstilsynet peikar på viktigheita av å bruka setebeltet i traktoren. Det er ein rutine som gjer at du ved ei ulukke kan sleppa unna med nokre blåmerke i staden for å bli invalid resten av livet.

I same veka som Arbeidstilsynet var ute med si påminning, skreiv NRK om Jo Arne Kjøglum frå Høylandet i Trøndelag. Åleine på jobb, 4. mars, skulle han fikse på noko på eit transportband i fjøset då han kilte fast eine handa. Bonden greidde å kjempa seg laust. Den skadde handa var nærast skilt frå armen. Bonden vart frakta til sjukehuset med restane av handa i ein plastpose.

Kanskje er alt på stell. Beredskapsplakaten er slått opp i tunet og førstehjelpsskrin er plassert i skapet i fjøskontoret. Traktorane kan rulla medan sjåføren er vel vitande om at dei minste på garden er trygt plassert i barnehagen. Sertifikat for varme arbeid og plantevernbruk er på plass. Det same gjeld vernedeksla rundt kraftoverføringsakslingen og betongloket over inspeksjonskummen.

Rutinane kring det daglege arbeidet er innarbeidde hjå dei som har sitt arbeid på garden. Fjøsstell og arbeid ute på jordene eller i skogen følgjer gjerne eit bestemt mønster. Då går arbeidsdagane i regelen knirkefritt utan eit einaste skrubbsår.

Mange av oss har opplevd at det er i stressa situasjonar når rutinane blir brotne at uhella skjer. Det kan vera så trivielt som ei punktering, ei alarmmelding på telefonen eller ein okse som har rømd frå bingen.

Då kan det vera god HMS å trekkja pusten og tenkja seg om ein ekstra runde før ein handlar.

Sjur Håland