Kva rolle ynskjer eigentleg landbruket i Rogaland å spela i den nasjonale landbruksdebatten? Korleis ynskjer bøndene på Jæren, Haugalandet, i Dalane og Ryfylke å framstå for omverda?

Det er underleg stille frå landets viktigaste matfylke. Og når søkjelyset i det siste har blitt retta mot sørvest, er det baksida av medaljen som har vore i fokus.

Nationen skreiv nyleg om korleis Steinkjer er i ferd med å svinga seg opp som eit nasjonalt landbruksfagleg tyngdepunkt. Bygdebyen i Trøndelag husar eit nytt NIBIO-forskingssenter og delar av Landbruksdirektoratet er på veg inn. Ei ny, ambisiøs landbruksmesse, «Agri-Tech Nordic», gjekk av stabelen der i førre veke.

Kven hugsar vel at Bryne på Jæren også gjorde seg lekre i konkurranse om Landbruksdirektoratet, og i farten erklærte seg for rikets landbrukshovudstad? Var det berre ein gimmick?

Kronikken er skriven av kommentator Kato Nykvist, som til liks med fleire av dei andre kommentatorane i Nationen kjem frå Trøndelag. Avisa som frå Oslo kvar dag påverkar landbruksagendaen og formar folks syn på næringa og landbrukspolitikk, har sågar eige kontor i Trøndelag. Ikkje i landbrukstunge Rogaland, slik dei ein gong hadde. Ei heller har redaksjonen kommentatorar frå Rogaland, som analyserer utviklinga i fylket med like stor innsikt, som trøndarane les sitt oppland.

Poenget er at Rogaland ikkje får, eller tek, den merksemda det fortener på relevante arenaer. Bønder frå Jæren og Bjerkreim glimrar med sitt fråvær på lesarbrevsplass, i landbruket sine tenketankar, så vel som på større, nasjonale fagkonferansar. Og kor er dei taleføre, rogalandske fritenkjarane? Ikkje sidan Bjarne Undheim leia Bondelaget, og då på vegne av heile landet, har fylket kome opp med ei markant røyst i landbruksdebatten.

Landbruket i Rogaland står ved eit vegskilje. Næringa kan anten halda fram med å reagera på hendingar ettersom dei skjer, slik tilfelle har vore i dyrevelferdssakene siste tida. I verste fall risikerer ein då omdøme som ein tagal og konservativ plass, balansert berre av matglade eldsjeler i Stavanger. Alternativt kan næringa velja å koma på offensiven, forma debattane og legga føringar for den utviklinga ein sjølv ønskjer, slik næringa no prøver på i spørsmålet om ny gjødselvareforskrift.

Aktuelle saker med potensielt store konsekvensar for landbruket står i kø: dalande kjøt- og mjølkekonsum, klimaendringar og skarpskodde dyrevernarar med mål om å frigjera alle husdyr. Korleis næringa i viktige Rogaland grip tak i desse spørsmåla, er høgst relevant. Det handlar om å vera i forkant og om å legga premiss for debatten, også utanfor fylket. Så langt er dyrevernarane vel så proffe som landbruket til å setta dagsorden.

Rogaland har truleg ein del å læra av Trøndelag si strategiske tenking og langsiktig planlegging, så vel som av Rørosregionen si evne til samhandling.

Landbruksnæringa i sørvest bør klarna tankane, styrka alliansane mellom jærske gjera-sjølv-bønder og dei mindre synlege distriktsbøndene, ta ordet og gjera seg meir høyrde.

Bothild Å. Nordsletten