Eit ganske sint år er snart til endes. Frå Sør-Amerika til Hong Kong, og i mange store og små byar rundt på kloden, har millionar av folk tatt til gatene mot korrupte og autoritære regime, mot bompengar, eller for eit leveleg klima. At Språkrådet kåra «klimabrøl» til årets nyord, med «bunadsgerilja» og «kjøtskam» hakk i hel, seier sitt om temperaturen i den heimlege samfunnsdebatten.

Mykje tyder på at det tek til å toppa seg, også i landbruket. Det massive bråket rundt nedlegginga av Nortura-anlegget på Otta er i så måte talande. 2019 har vore nok eit krevjande år, med overproduksjon, låge prisar, auka kostnadar og høg gjeld. For ikkje å gløyma pelssaka, Mattilsynet-skandalen, svinedokumentaren og mjølkekuttet. Omstilling til ei ny tid med nye krav til innsyn og drift, til ei tid der kjøt og mjølk har blitt politisk sensitivt, legg seg på toppen av all anna uro hjå mange bønder.

Og kravet om å bli stadig meir effektiv gjeld enno for fullt. Sjølv om døgnet ikkje får fleire timar. I bakspegelen, på nyåret, vil me truleg kunne sjå endå fleire bønder som kasta inn handkleet og endå fleire mørke fjøs.

Slik folk verda over utfordrar det etablerte, er det også på høg tid å stilla nokre fundamentale spørsmål ved den norske landbrukspolitikken. Den er ikkje styrt av naturlovar, sjølv om det kan verke slik. Kor mykje meir skal bonden tola? Kor lenge kan ein politikk som driv bønder frå yrket halda fram, før evna til å fø oss sjølv forvitrar?

Det er 39.000 bønder att i landet, og gjennomsnittsbonden er godt oppi 50-åra. Me kan sikkert nå dei vakre og vage måla om meir mat på norske ressursar og landbruk i heile landet med dronar og ein brøkdel av dagens bønder. Men det var neppe meininga. Ei heller gir det meining å halda fram med ein politikk som legg til rette for bruk utan eige ressursgrunnlag og for kraftfôrdriven volumproduksjon når forbrukaren ikkje vil ha meir.

Tida tykkjest overmoden for ein ny landbrukspolitikk. Ein politikk som tek i bruk meir jord, meir gras, og som sikrar bonden betre prisar. Ein politikk som skapar sterke band mellom bønder og omverda, ikkje avstand.

Senterpartiet sitt framlegg om å auka sjølvforsyningsgraden opp frå dagens 40 til 50 prosent korrigert for import av fôr innan 2026, er i så måte lovande. Framlegget vil måtta innebere ei radikal omlegging av dagens regime til meir bruk av eigne jord- og grasareal. At SV og Ap støttar opptrappingsframlegget, sender eit spanande signal om kva ein mogleg raudgrøn konstellasjon kan få til, gitt siger ved neste stortingsval.

Litt nedslåande er det då å lesa innstillinga frå fleirtalet i Stortinget sin næringskomité. Regjeringspartia går imot Sp-framlegget og set sin lit til import av mat og fôrråvarer i tilfelle krise. Olaug Bollestad, som lova at landbrukspolitikken ville bli ein «heilt annan med Krf i regjering», stadfestar her at kursen likevel ligg bom fast.

Det ville ikkje forundre oss om også 2020 blir eit sint år. Og det bør det bli, i den grad sinne nærer engasjement som fører til konstruktive endringar.

Men før det – ha ei fredeleg jul.

Bothild Å. Nordsletten