Sikker tilgang på plantenæring til akseptabel pris? Det var før det!
I ei heilt anna tid, før traktoren, kunne bøndene oppleva at unghesten under temjing «sprang ud.» Den panikkslegne rekrutthesten la på sprang i eit meiningslaust og sanselaust tempo utan at det var råd å stagga dyret eller bremsa farten.
Nå er det energi- og gjødselprisane som har «sprunge ud», og det er ingen som veit kor det ville rittet endar.

I ei heilt anna tid kunne bøndene spyla rein, smørja og parkera kunstgjødselspreiaren ein tørr plass i løa etter ferdig sesong utan å ofre ein einaste tanke på ny påfylling neste vår. Det var før det. Nå lurer alle på om det blir gjødsel å få tak i. Og kor mykje den vil kosta.

Som alminnelege forbrukarar eller næringsdrivande er me prisgitte marknadsmekanismane og styresmaktene. Både her til lands og elles i Europa.
På grunn av dei skyhøge gassprisane reduserer nå Yara produksjonskapasiteten til fabrikkane i Europa ned til 35 prosent av full kapasitet. Kven skulle trudd det for berre nokre veker sidan?

Årsaker og samanhengar knytt til dagens surrealistiske mineralgjødselstatus har det vore skrive tallause kloke spaltemeter om dei siste månadane. Energi- og dermed gjødselmarknaden er ekstremt uføreseieleg. Ingen kan seia kor løpet endar. Ingen kan garantera at det vil vera nok mineralgjødsel å få fatt i til lettløyselege prisar når ny vekstsesong dukkar opp rundt neste sving.

Bankkontoane til bøndene blør. Det kjennest også på kroppen når ein må betala 4.554,- kroner for ein 600-kilos sekk med OPTI-KAS 27-0-0 med svovel. I fjor på denne tida kosta same sekken 2.334,- kroner. Så er det ein tilleggs-tankevekkjar at Felleskjøpet nett nå er utselde for akkurat denne populære grasgjødsla. Det kan godt vera at mange bønder alt har sikra seg gjødsel. Dei torer ikkje venta og sjå. Ikkje til seinhausten, og i alle fall ikkje til våren.

Bondevennen vil åtvara mot å falle for freistinga til å kjøpa russisk gjødsel, om nokon skulle tilby det. Det er pengar rett inn til den russiske krigskassa.

Me må innstilla oss på eit høgt prisnivå på gjødsla over lang tid. Å gjera det ein kan med det ein rår over er ekstra viktig i desse tidene. Husdyrgjødsla er restar av den energien som har gått gjennom dyremagen. Møkka har aldri vore så verdifull som nå. Du kan rekna 300 kroner kubikken i gjødselverdi. Minst.

Optimal utnytting av gjødsla for plantene føreset ei godt drenert jord. Har du tid og høve vil med andre ord grøfting av vassjuke område gi god utteljing. Vil du ha full utnytting av nitrogenet i grasproduksjon, bør pH-nivået i jorda vera 6 eller meir. Jordprøvane gir svar på om det er lønsamt å bruka tid og pengar til kalking før neste sesong.

Sist, men ikkje minst. Det er god tilgang på frø av nitrogenfikserande vokstrar som erter, kløver og åkerbønner. Paradoksalt nok, har ei av fallgruvene med desse vokstrane vore at dei blir for sterkt gjødsla.
Med dagens gjødselprisar er det liten fare for overgjødsling. Det var før det.

Sjur Håland