image description

 

– Kraftfôrbransjen har fått meir merksemd på berekraft i råvareforsyninga, fortel innkjøpsdirektør Geir Inge Auklend, i eit intervju med Bondevennen.
Når mjølkeprodusentar i Norge har lukkast med å auka avdråtten og feittinnhaldet i mjølka, heng det saman med at palmeoljeprodukt frå regnskogområda i Malaysia og Indonesia er ein innsatsfaktor i kraftfôret.

Denne helga rykker problemstillinga om avskoging av regnskogane tett innpå oss. Når bøsseberarar bankar på døra i samband med åres TV-aksjon og ber om ei gåve til Regnskogfondet, er det ei påminninga om at ein av jorda sine viktigaste ressursar er truga. Sidan andre verdskrig er regnskogareala halverte. Av fleire grunnar er nettopp status for regnskogane blitt ein målestokk for det ein kallar berekraftig utvikling.

Saka er kompleks og det sterke fokuset på regnskogen kan grunngjevast frå mange synspunkt. Regnskogane er heimen for 260 millionar menneske. I desse skogane føregår det ein kamp, ja ofte ein krig, mellom urfolka og kapitalmakta, representert ved multinasjonale selskap på jakt etter tømmer, olje, mineraler og andre ressursar. Tap av næringsgrunnlag og buområde fører ofte til eit uverdig liv i fattigdom.
Men regnskogane handlar om meir. Dei er leveområde for 50-80 prosent av jordas plante- og dyrearter. Eit genetisk skattekammer utan like. Vidare har vi klimadimensjonen. Det blir sagt at skogen generelt og regnskogen spesielt er jorda sine lunger. Dei pustar inn karbondioksid og pustar ut surstoff, altså motsett av oss menneske, og er dermed grunnlag for alt liv. Snakk om samspel. I tillegg har vi skogen si rolle med binding av karbon i ståande biomasse som dempar konsentrasjonen av karbondioksid i atmosfæren og med det forventa temperaturstiging.

Dette er noko av bakteppet når Norge går inn med milliardbeløp for å stoppe avskoginga. Same bakteppet er det også når kraftfôrbransjen nå kjøper sertifikat for å medverka til ei meir berekraftig utnytting av regnskogen generelt og for å betre den sosiale situasjonen for lokale produsentar av palmeolje.
– Sertifikata er ingen absolutt garanti mot avskoging, seier Nils Herman Ranum, i Regnskogfondet. Han set krav til at sertifikata skal tilpassast ein null-visjon for avskogingspolitikken.

Når status for regnskogområda er ei halvering av areala i løpet av 60 år, er vi sjølvsagd samde i behovet for å teikna ein null-visjon for avskoging av regnskogane. Samstundes bør ein vera forsiktig med å snakka ned det viktige initiativet som kraftfôrbransjen og husdyrnæringa nå tek for ei meir berekraftig utnytting av regnskogen, både med omsyn til avskoging og for å styrke næringsgrunnlaget til lokale produsentar.
Ein meir berekraftig produksjon av palmeolje gir ein liten meirpris for norske bønder, på same måte som GMO-fri soya, men om det er ei næring som bør ha evne til å tenka langsiktig og spela på lag med naturen, så er det nettopp landbruket.
Eirik Stople