image description

FN sitt klimatoppmøte i Paris, det 21. i rekka, går mot slutten. Representantar frå 155 land skal fatta vedtak om det ein gjerne kallar jordkloden si framtid. For her er det ikkje mangel på store ord og formuleringar.
Då 120 statsleiarar var til stades under opninga av møtet var utsegn som, vi står ved eit vendepunkt, ofte framme. På møtet skal dei forhandla fram ein global klimaavtale, som skal gjelde frå 2020. Målet med avtalen er å avgrensa den gjennomsnittlege temperaturauken på jorda til to grader. Referanseåret er 1850, det vil seie før ein byrja med storstilt forbrenning av fossile energikjelder som kol, gass og olje.

Nytt ved dette møtet er at om lag 170 land, før møtet, sende inn sine mål for utsleppskutt. Norge har som mål å vera klimanøytral innan 2050. Målet inkluderer kjøp av klimakvotar, eit tiltak som er svært omstridt.

Representantene skal forhandle om kor mykje CO2 landa skal kutta og kor forplikta kvart land skal vera til desse kutta. Og her er vi ved eit kjernepunkt. Ein avtale i Paris kjem neppe til å pålegge kvart enkelt land ei bestemt øvre grense for utslepp av klimagassar. Ein slik juridisk bindande avtale om utsleppskutt vil alle landa truleg ikkje bli samde om. Klimaverstingane, USA, Kina og India som tilsaman står for 40 prosent av klimagassutsleppa i verda, er blant dei landa som strittar imot. Vi legg merke til at det skal forhandlast om korleis rapporteringssystema skal sjå ut.
Ein del av agendaen er å få ein avtale om kor mykje pengar som skal gis til utviklingslanda, for at også dei skal kunne kutte utslepp, få tilgang til ny teknologi og tilpassa seg klimaendringane.

– Vi er på kanten, nå, til å overlate borna våre eit klimasystem som er ute av kontroll, siterer Stavanger Aftenblad, James Hansen, klimaforskar og tidlegare Nasa-sjef ved institutt for organisasjonen sitt romstudium.
Det er framleis røyster som stiller spørsmål ved årsak og verknad til klimaendringane. Ein syner til naturlege årsaker til temperaturendringar opp gjennom historia. Det massive oppmøtet av statsleiarar vi ser under Paris-møtet, indikerer at verda sine politiske leiarar er forbi nølefasen og mentalt klare for handling. Det store spørsmålet om det er vilje og evne til å sette den framforhandla avtalen ut i praktisk handling.

KLimaplitikken er konfliktfull. Den krev tiltak som trugar ein beståande samfunnsorden og stiller spørsmål med vedtekne sanningar. Spelet om klima heng saman med rettferdig fordeling av verda sine ressursar og kan gi raske endringar i dei økonomiske maktforholda globalt

– Langt viktigare enn klimaskeptikarar er relativistane, skriv forskingsleiar Cato Aall, ved Vestlandsforsking og Arne Johan Vetlesen, professor i filosofi ved UiO, i ein kronikk i Klassekampen.
Dei nemner mellom anna relativisering (bagatellisering, red.) av kor mykje samfunnsendring vi må tåle, relativisering av forbrukarnes rolle i klimaomstillinga og relativisering av dei djupare liggande årsakene til klimaproblemet.
– Relativiseringa ser heilt bort frå samfunnsmessige prosessar som er årsaka til at klimaproblemet har oppstått, skriv dei.
Denne tenkinga står i motstrid til, eller i det minste supplerer, tenkinga om at teknologiske tiltak åleine vil løysa klimaproblemet.

Landbruket representerer om lag åtte prosent av klimautsleppa i Norge. Næringa er ein del av utfordringa, men også ein del av løysinga. Tilnærminga til utfordringane handlar fort om omdømmet til næringa. Nivået på debatten, for eller imot kupromp, held ikkje om ein vil vera stifinnar til framtida.

Eirik Stople