EI LITA BLÅMEIS pryda den første framsida til Bondevennen i år. «Kvitrande godt nyttår» las den håpefulle overskrifta. No, på tampen av året, veit me at bilete av ein stor paraply hadde passa vel så godt. For er det noko landbruksåret 2017 kjem til å bli hugsa for, så er det dei enorme nedbørsmengdene som fall over Sør- og Vestlandet.
KONSEKVENSANE kjenner me godt: slåttar som ikkje kunne bergast, avlingar som vart skylt vekk, breiddfulle gjødsellager, og mindre og dårlegare grovfôr. For mange gjekk bygene og dei påfølgjande økonomiske tapa på sinnet laus.
OG REGNET vil liksom ingen ende ta. Uroa melder seg. Er dette den framtida klimaforskarane åtvarar om? Enn om bakken ikkje frys skikkeleg til under vintermånadane? Kan me koma ut på jordene til våren?
ANDRE, MINDRE lystelege saker sette og sitt preg på landbruksnæringa dette året. Funn av tomatmøllen Tuta absoluta hjå tomatprodusentar på Jæren. Utmattande jordbruksforhandlingar. Ein stri jordvernskamp i Bergen. Overproduksjon av lam og sau. Og til slutt, ved inngangen til advent, avsløring av slett dyrevelferd hjå svineprodusentar i Rogaland.
STODA ER TRAGISK og uakseptabel. Bondevennen har tidligare vore kritisk til Mattilsynet si framferd under tilsyn på gardane, men i denne saka har tilsynet til fulle vist kor viktig det er for å sikre god dyrevelfer og etisk dyrehald. Me vonar og har god tru på at næringa klarar å rydda opp raskt slik at historier som dette ikkje gjentek seg.
2017 HAR IKKJE på langt nær vore eit heilsvart år. Det er nok av lysglimt: Takka vere offensive landbruksorganisasjonar og politikarar som vil næringa vel, vart ikkje den nye jordbruksmeldinga så galen, som mange frykta. Trass i framlegg om kutt i statsbudsjettet, skal 4H framleis motta støtte til det viktige arbeidet dei gjer for å rekruttera barn og ungdom til landbruket. Bønder bygger og satsar over store delar av landet. Det blir forska på teknologi og smarte løysingar for utfordringar som me enno knapt er klare over at me har. Og blant forbrukarane held interessa og preferansen for norsk mat seg sterk.
OM DET TIDVIS ser mørkt ut, er meininga og potensialet å finna i dette: Kom regn eller sol – me må alle eta. Og maten, den er det bøndene som skal produsera.
God jul!
Bothild Å. Nordsletten