4H samlar det inn. Grønt Punkt Norge tar det imot gratis. Det er forbode å brenna, og frå tid til annan tek små og store turen ut for å rydda naturen fri for det. Det handlar sjølvsagt om plast – universalmaterialet som har blitt eit universalproblem og som engasjerer breitt. Plast har ingenting i naturen å gjera, sjølv om mikrodelane det omsider blir brote ned til er å finna i alt frå havdjupa via morsmjølk til Himalaya.
Og likevel held nokre bønder fram med å synda.

Prov for dette er ikkje berre å sjå i tretoppar og (ulovlege) piggtrådgjerde. Nyleg kom forskarane i Norwegian Research Centre NORCE med ein rapport som fortel om funn av landbruksplast også i vestnorske vassdrag. I 21 elvar frå Møre og Romsdal til Rogaland fann dei omlag 1100 meter med rundballefolie fordelt på ca. 1500 bitar. Det er ikkje all verda, men mengda landbruksplast var tre gonger så stor som plast frå bygg og anlegg og hushald. Slik kan det ikkje halda fram.
Ikkje berre er det skadeleg for livet i naturen. Det er rett og slett flaut.

Vestlandsk vind, vêr og flaum har ein lei tendens til å føra rundballeplast med seg. Men det i seg sjølv er inga orsaking for at landbruksplast skal få forsøpla landskapet.
Som NORCE skriv i rapporten, har nesten alle stader der jorda blir drive, ein infrastruktur tilpassa maskinell transport og handtering. Rundballane ligg der traktorar kan koma til. Plasten kan med andre ord fraktast maskinelt attende til eit eigna oppsamlingspunkt.

«Forureinar betalar» er eit prinsipp som gjeld på alle andre område i samfunnet.
For å få bukt med landbruksplast på avvege føreslår NORCE å innføra påbod om forsvarleg oppbevaring, samt regelverk som sikrar kontroll med plasten heilt til den er vel handtert. Ei haldningsendring må også til, i følgje rapporten.

Alle bønder veit korleis dei best handsamar plasten, og det aller meste blir då òg levert til gjenvinning. Det er dei færraste som medvite tek dårlege og miljøskadelege val. Då det også er dei færraste bønder som ivrar for fleire påbod og reglar, er løysinga på plastproblemet ganske enkel: Rydd opp etter deg.

Bothild Å. Nordsletten