image description


Vi snakkar om status for mjølkesamdriftene.
– Samdrifter handlar om politikk, sa fungerande landbruksdirektør i Rogaland, Geir Skadberg, under årsmøtet for Samdriftenes Kontaktorgan (SKO) i Stavanger.


– Vi har ikkje tradisjon for samdrifter, for 25 år sidan var det berre ei samdrift i fylket. I Rogaland finn vi dei aller fleste samdriftene på Jæren. Det har vore eit tilpassingstiltak i strukturutviklinga, med rom for auka produksjon for nokre og arbeid utafor næringa for andre. I 2014 var det registrert 245 samdrifter i Rogaland, dei fleste med berre ein aktiv part, sa landbruksdirektøren.


Dette biletet gjeld ikkje generelt for mjølkesamdrifter i Norge. Sekretær i SKO, Arild Melleby, støttar seg til ei undersøking blant dei 130 medlemmane i Samdriftenes Kontaktorgan. Den viser at i tre-personssamdrifter var alle aktive i 60 prosent av samdriftene. På spørsmål om samdrifta framleis er i funksjon om fem år, svarte 80 prosent ja.


– Samdriftene har aldri hatt tilstrekkelig forutsigbarhet. Frå 1. januar 2015 vart særreglane for samdriftene borte. I dag har det politiske grunnlaget for samdriftene rakna. Det er ingen eigen politikk som favoriserer samdrift, sa landbruksdirektøren i Rogaland. Han viste til at interessa for samdrifter i Rogaland no er dalande, med ein nedgang på 42 samdrifter i 2015. Bøndene går frå å organisere seg i samdrift til sjølvstendig drift og leige av mjølkekvote.
– Det er ei stor utfordring ved dagens landbrukspolitikk og bruksstruktur at bonden blir meir og meir avhengig av andre. Bonden leiger jord, leiger kvote, leiger arbeidskraft og låner pengar. Kor blir det av den sjølveigande bonden? Strukturutviklinga fører til at den aktive må leige, den passive kan hauste, sa Skadberg.
Han konkluderte med at dette er eit skjørt system som ikkje kan vare evig.


Arild Melleby teikna eit meir optimistisk framtidsbilete for mjølkesamdriftene. Sjølv om det økonomiske insitamentet for samdrift er svekka etter endringane i regelverket i 2015, ser han klare fordelar ved samdrift. Ved store investeringar er det fleire å dele kostnadane på og det er enklare å ha ordna arbeidstid. Det er ikkje lett å få avløysarar med kompetanse på robot. Med fleire aktive samdriftspartnarar disponerer ein kompetanse i samband med ferie og fritid.
– Dette er forhold som kan verta avgjerande for rekruttringa i mjølkeproduksjonen, meiner Melleby.


Spørsmålet om samdrift eller ikkje er ikkje eit anten eller. Når dei særfordelane som var knytta til samdrift er borte, er det naturleg at dei fleste vel å vera «sjef i eige fjøs» i område med eit stort og aktivt produsentmiljø.
For å halda oppe mjølkeproduksjonen i distrikta, ser vi at Melleby sin argumentasjon har viktige sider ved seg. Med samdrift får ein lokale «celler» av mjølkeprodusentar der alle involverte arbeidar mot felles mål. Utfordringane ligg i å få til ein økonomi som gir tilfredsstellande arbeidsvederlag til alle som er involverte. Det er og ein realitet at ei funksjonell samdrift er avhengig av den enkelte si evne til å samarbeide. Distriktspolitisk genistrek eller ingen fordeler? Svaret er avhengig av situasjonen, særleg i distrikta trur vi at samdriftene framleis vil spela ei rolle.




Eirik Stople