Det er knytt stor spaning til planane for eit svært biogassanlegg på Grødaland i Hå kommune på Jæren. Der tidlegare prosjekt har runne ned i kummen, burde samarbeidet mellom Tine, Nortura, FKRA, Lyse, IVAR og Air Liquide Skagerak borga for konkrete resultat.

Med seg på laget har dei iallfall tida: Behovet om klimakutt, betre ressursutnytting og meir sirkulærøkonomi. For ikkje å snakka om utsiktene til ei strammare gjødselvareforskrift som potensielt vil ramma særleg husdyrtette Jæren.
Men har dei med seg bøndene?

Prosessen er berre i startgropa, (les artikkelen: Gassgjødsla må vera lønsam å levera ). Likevel, etter at intensjonsavtalen mellom dei mektige aktørane var signert 2. juni, har fleire bønder kontakta Bondevennen: Bønder som kan business og som i aukande grad er medvitne kva verdifull ressurs dei forvaltar. Dei er positive til biogassanlegg, men stiller òg betimelege spørsmål:

For kva er eigentleg forretningsmodellen? Kor ligg lønsemda, kor skal inntektene koma ifrå? Sal av biogass, så klart, men er det nok til å dekka løpande utgifter eller sikra tilstrekkeleg avkasting på kapitalinvesteringar kanskje i milliardklassen?
Og kva med klimavinsten og trafikken når hundrevis av trailerar skal lessa og transportera gjødsla?

Sist, men ikkje minst, kven skal sikra bøndene sine interesser når viktige avgjerder skal takast? Ikkje alle finn ro med at Tine, Nortura og FKRA til saman har ein eigardel på berre 21 prosent i Bio Jæren AS, medan franskeigde Air Liquide Skagerak sit på 51.

Somme er også uroa for at nye krav til spreieareal og handtering av husdyrgjødsel vil tvinga bøndene til å levera gjødsel til anlegget. Og for at dei, dersom ikkje støtta frå Enova og Innovasjon Norge kjem på plass eller ikkje blir stor nok, risikerer å måtta bera investeringa sjølve.
Spørsmåla er ikkje grunnlause. Svake avtalar, usemje kring betaling og mangel på involvering har skapt trøbbel mellom bønder og biogass-føretak i inn- og utland før.

Me er veldig tidleg i det som vonleg blir eit jærsk biogass-eventyr. Utan å ta gleda or spaninga er det viktig at alle partar grip fatt i konfliktpotensial som kan forseinka framdrifta eller i verste fall stogga den.
Med openheit, direkte representasjon av bøndene og ein solid forretningsplan kjem ein truleg langt i å rydda hindera for å lukkast or vegen.

Bothild Å. Nordsletten