Brukar vi nok tid på dyra? Spørsmålet hang i lufta på ein av plansjane bondelagsleiar Bjørn Gimming presenterte for 600 deltakarar på Varhaugmøtet nyleg.

Nok tid? «Nå har eg det så travelt at eg berre står og blundar litt attmed senga i staden for å leggja meg ned og sova.» Uttalen skriv seg frå mange år sidan då ein stressa bonde skulle beskriva korleis det var å baska med både bygging og opptak – i tillegg til dei daglege gjeremåla på garden.

Det har blitt langt travlare på gardsbruka sidan den gongen. Mange bønder held på å springa frå sine eigne sko for å nå over sjølv dei kvardagslege gjeremåla i fjøs og i uthus. Utan å spekulera i alle årsakene til at det har blitt slik, skal vi her nøya oss med å slå fast at det er slik for mange, og at det heseblesande drivet over tid kan gå ut over velferda og trivnaden til både deg, familien din og dyra dine.

For lite tid i saman med husdyra i bås og bingar kan også lett gi ei økonomisk slagside. Bondevennen har ved fleire høve referert frå årsrapportane til ulike rekneskapslag i Rogaland der skilnadane mellom 30 prosent-gruppene med lågast og høgast resultat er slåande. Det blir gjerne spekulasjonar, men tanken om at det å ha det for travelt er ei av årsakene til at resultata i fødeavdelinga ikkje er som ønska, er kanskje ikkje heilt eit skot i blinde.

Dette høver dårleg saman med husdyrproduksjon som eigentleg tilseier at til meir tid du brukar i fjøset, til betre blir resultata. I gardsreportasjen i Bv. 3, tek bondeveteranen Bent Ove Byberg bladet frå munnen, og seier det som det er. «Du må gjere det du er god på og prioritere innsatsen der du har mest igjen for innsatsen. Det er i fjøset og i grisehuset.»

Mjølkerobot, aktivitetsmålar, overvakingskamera, skraperobot, datastyrt fôrkjøkken, automatisk strøing og all verdas appar på mobilen kan ikkje erstatta det at du er til stades i fjøset. At du enkelte dagar har det så travelt at du brukar så kort tid på fjøsstellet at traktoren står i tunet og sviv på tomgang i mellomtida, får så vera. Men det bør vera unntaksvis.

Best løn for strevet gir dei dagane du har tid til å slentra sakte gjennom fjøset, sauehuset og grisehuset etter at morgon- eller kveldsstellet er ferdig. Det er utruleg kva tjue minutt med opne sansar og radaren på over dyreflokken kan oppdaga, og kva enkle, men effektive tiltak som kan setjast inn slik at du er føre var. Då slepp du gjerne å gå inn og reparera bingeskiljet når det har kollapsa, eller ringe dyrlegen og behandle kalven – eller vente tre veker og satse på inseminering ved neste brunst.

Legg deg i senga når dagen er til endes. Om kveldsrunden i fjøset kan avslørast med ein svak odør av ku og silo når du svingar dyna over kroppen, er det det beste teiknet på at du har rutinane i orden.

Sjur Håland