image description

Slåtten er her, og graset skal i hus eller under plast fortare enn svint. Eventyret byrjar med at graset er kome passe langt i vekst i forhold til kva type fôr som skal produserast. Så kjem tida med gransking av alle vêrvarsel som er å oppdrive. Det er ikkje fritt for at vêrspådomane kan ha same effekt som psykisk terror. I eine minuttet er det meldt regn, i neste strålande sol. På spel står fôret til vinteren. Det er ikkje små verdiar.

 
Det er fasinerande korleis traktorar, slåmaskiner og presser vrimlar rundt, som maur i ei maurtue, når slåtten er i full sving. I flatt landskap kan maskinane ete gras i ein imponerande fart, og slåttemannskapet arbeider dag og natt for å sikre fôr av best mogleg kvalitet. I meir ulendte delar av vårt vakre land er vossakassen naudsynt for å få heim næringa til vinteren. Tidsbruken på ein slått kan variere frå tre veker til ein dag alt etter vêr og landskap.

 
Ikkje alle sett pris på støyande maskinar til alle døgnets tider. Nettavisa Midtsiden.no, som dekker Os i Hordaland, skriv om utfordringane naboar til aktive gardsbruk møter.
«– Det støyar noko voldsomt av desse maskinene, og det finnest grenser. Det er dessutan eit mønster at det alltid blir jobba i helgene, men ikkje elles i veka. Det er truleg lettare å få billigare arbeidskraft i helgene, seier naboen, som ønskjer å vera anonym, til nettavisa.» Den anonyme naboen klaga til politiet på brot på lov om helligdagsfred. Lensmannen i Os rykka ikkje ut, då han ikkje vurderte gardsdrift som «utilbørleg larm».

 
For mange er det barnelærdom at vanleg arbeidstid vert viska ut i slåtten. Me veit at ingen bønder arbeider frå klokka 8 til 16. Når arbeidet og lønsemda avheng av biologiske produksjonar er det ikkje alt som kan planleggast. Bønder må arbeide i takt med naturen, og den kjenner ingen arbeidstid. Bonden, som fekk klage frå sin anonyme nabo, Martin Lyssand, stod fram med namn og bilde i midtsiden.no. Han oppmoda naboen, som trudde han berre arbeida i helgene, til å vere med han ei arbeidsveke. Noko som kanskje ikkje er så dumt. Kritikk av støy og andre «følgjefeil» av norsk matproduksjon er truleg ofte basert på manglande kunnskap. Når bøndene vert stadig færre er kanskje gardsferiar for byfolk eit viktig tiltak for fred på landsbygda. Skal me tru kommentarfeltet under saka om naboen som opplevde brot på heilag fred er det framleis mange som støttar norsk landbruk også etter klokka 16.00 på fredagar.
«Traktorduring døgnet rundt er tegn på at det er sommer! Jeg legger meg seint om kvelden og synes synd på de som må holde på utover natta. Stå på alle Norges bønder! Vi vil ha norsk mat og dere gjør en fantastisk flott jobb!» Lyder ein kommentar frå Lise Thingvald.

 
Eit blikk tilbake til foreldregenerasjonen kan gi oss kunnskap om slått med hest og kjerre. For berre 50 år sidan var det ein mykje hardare jobb å få fôret i hus. Hesten produserer ikkje så mykje støy, men å slå med hest for å unngå bråk er neppe eit alternativ. Skal me ha norsk matproduksjon og levande bygder må dei som busett seg på bygda tole å sjå ein gard i drift.

 

 

Jofrid Åsland