Det er berre eit drygt år sidan afrikansk svinepest vart stadfesta i Kina. Sidan har sjukdommen spreidd seg i heile landet og til fleire naboland. I verdas mest folkerike stat er grisen sikringskost med stor kulturell og symbolsk verdi. Annankvar gris i verda er fødd i Kina. Men totalt i år er det venta at opp til 200 millionar grisar, over halvparten av besetninga i landet, anten vil døy eller bli avliva som følgje av den smittsame virussjukdomen. Prisen på svinekjøt har stige opp mot 80 prosent. Det er alt snakk om ein katastrofe av sjeldne proporsjonar. Konsekvensane det kan få dersom sjukdomen spreier seg vidare i eit alt svelt-herja Nord-Korea, er uhyggjeleg å tenkje på.

Utbrot av ringorm i storfebesetningar i Sør-Rogaland den siste tida blir for bagatellar å rekna i forhold. Dei ringforma skurvflekkane i storfepelsen kan nok føra til ubehag for dyret samt heft og kostnadar for bonde og slakteri. Men den kan ikkje samanliknast med dei smertefulle og dødelege indre blødningane som svinepest påfører grisen, eller dei gigantiske økonomiske tapa som følgjer for svinenæringa.

Likevel kan ringormutbrota tena som ei mild påminning om kor viktig det er med gode haldningar og rutinar for smittevern. At soppsjukdommen no er langt sjeldnare enn på 1970-og 80-talet, vitnar om ei næring som alt er langt framme i så måte. Og likevel må ein alltid vere på vakt. Ikkje minst i husdyrtette og difor svært smitteutsette område som Jæren.

Berre ringormutbrota i det siste har ført til vekevis med restriksjonar for fleire titals bruk med påvist eller mistenkt smitte, tidkrevjande nedvasking av fjøs, kostbar vaksinering, innstilling i omsetjing av livdyr og ekstra utfordringar med smittevernarbeidet på slakteria. Med andre ord – problem og utgifter næringa godt kunne vore forutan, men samstundes berre blåbær i forhold til den totale krisa det ville blitt, om me skulle rammast av afrikansk svinepest.

Diverre er det ikkje utenkjeleg at så kan skje. Svinepesten har råka fleire land i Europa, blant dei naboane våre Russland og Baltikum. Så lenge turistar og yrkessjåførar med svinekjøt i nistepakka reiser inn i landet, og så lenge talet på villsvin som rotar rundt på rasteplassar langs vegen aukar, er risikoen der. Berre for å nemna eit par døme på korleis pesten spreier seg.

Gode smittevernsrutinar er ingen garanti mot korkje ringorm, afrikansk svinepest eller andre sjukdommar. Men slums med dette arbeidet er det same som å invitera til trøbbel.

Bothild Å. Nordsletten