image description

 

Norges Bondelag har meir enn 60.000 medlemmer. Søsterorganisasjonen, Norges Bonde- og Småbrukarlag, har sine 7.000 medlemmer. Godt synlege, demokratisk oppbygde organisasjonar med brei politisk og generell samfunnskontakt. Direkte forhandlingsrett med Staten, set bondeorganisasjonane i ein unik posisjon, sett i høve til andre organisasjonar i det private arbeidslivet.
 
Det blir sagt at jordbruksavtalen er bøndene sitt lønsoppgjer, noko som i beste fall kan seiast å vera ei delsanning. Arbeidstakar- / arbeidsgivarmodellen stemmer ikkje for forholdet mellom bonden og Staten. Finmaska utrekningar, med referansebruk og kroner per årsverk, er ikkje anna enn modellar og eit uttrykk for inntektsmogelegheiter. Bonden, som sjølvstendig næringsdrivande, har ingen garanti for eiga inntekt, men må skape eiga løn og bedriftsutvikling innanfor ramma av politikken.
 
Faglaga si utfordring i å skapa like inntektsmogelegheiter, i ulike produksjonar, under ulike driftstilhøve og i heile landet, er ei ambisiøs og kanskje uoppnåeleg målsetting. Ei av dei største utfordringane for å sikra inntektsmogelegheiter, er føresetnaden om ein marknad i balanse, noko næringa sjølv har ansvar for å innfri. Nåverande politiske regime ønskjer å løyse opp i ”modell-politikken” som, i reindyrka bedriftsøkonomisk tenking, kan opplevast som ei sperre for omstilling og fri bedriftsutvikling.
 
Bondeorganisasjonane sitt engasjement er breiare enn kampen om budsjettstøtte, inntektsutjamning og målpris. I dag er økonomiske bindingar mot frihandelsavtalar, med svekka importvern, den største trugselen for norsk matproduksjon. Dette er ikkje ein ny situasjon for jordbruket. Bonderørsla si rolle i to, for norsk jordbruk avgjerande EU-avrøystingar, kan ikkje overvurderast og same rolla er framleis like viktig. Vi føreset at folket og eit politisk fleirtal ønskjer norskprodusert mat. Då er det heilt avgjerande for jordbruket sine representantar å informere styremaktene om at tollvernet er det viktigaste premissgrunnlaget for å kunne ha ein lønsam norsk matproduksjon.
 
I lys av kva ein har oppnådd før, er det interessant å observere bondeorganisasjonane si sterke vektlegging av politisk påverknad og generell samfunnskontakt. Vi registrerer at organisasjonane prioriterer politisk kontakt på alle nivå, frå kommune, fylke, til Stortinget. Dette fekk vi eit døme på under fylkesårsmøtet til bondelaget i Sogn og Fjordane. Representantar frå dei ulike politiske fylkespartia stod i kø for å markere og takke for samarbeidet med avtroppande fylkesleiar Per Hilleren.
– Samtalen med dei politiske partia, NHO og LO er kanskje noko av det viktigaste eg har arbeidd med i dei sju åra eg har vore fylkesleiar, sa Hilleren, i ein kommentar til Bondevennen, under årsmøtet.
 
Det er sesong for årsmøte i faglag og politiske organisasjonar. Ulike valkomitear har inga lett oppgåve i å leita seg fram til villige og dyktige kvinner og menn til tillitsverv, der takksemd og aksept for frivillig innsats er langt frå sjølvsagt. Vi ønskjer å heie fram den store bonderørsla som står på barrikaden for norsk jordbruk og bygdekultur. I ly av dette arbeidet, har norske bønder framleis mogelegheit til å innfri ønsket om norskprodusert mat.

 

Eirik Stople