Ein lagnadsfellesskap

13. juni 2025 | Leiarar

Bothild Å. Nordsletten

Til liks med bøndene er også veterinærane rekna som samfunnskritisk personell. I lag spelar dei ei avgjerande rolle ikkje berre for dyrehelsa og dyrevelferda, men òg for mattryggleiken, folkehelsa og miljøet. Med andre ord, for beredskapen og sjølvforsyninga vår.

Bondens kår har vore eit gjennomgangstema i Bondevennen i alle år. Utviklinga i jordbruket, på godt og vondt, er grundig opplyst. Mykje er bra, men næringa som heilskap er sårbar. Å vera bonde er krevjande og mange vel å gi seg. «Landbruk i heile landet» er i ferd med å bli berre tomme ord. Og jo færre bønder, dess større distrikt blir det for veterinærane å rekka over.

For dei er berre menneske, veterinærane også – og det er dei det handlar om i denne utgåva.

Les Hildegunn Mugås sin reportasje «Den varsla veterinærkrisa». Mugås er veterinær. Ho veit kva ho skriv om, når ho fortel om kor vanskeleg det kan vera å få dyrlegar til å arbeida i distrikta. Om kor treigt det går å rekruttera studentar til produksjonsdyr-praksis. Og om sjølve veterinærutdanninga som, i tillegg til teorien, skulle hatt meir av den praksisen studentane omsider skal ut i.

Ho kjenner òg på kroppen kva det inneber å jobba full dag, og i tillegg måtta ta 15 vakter på éin månad i eit distrikt med 500 gardar.

I tillegg er Mugås også bonde. Som andre bønder veit ho kor livsviktig det er at veterinæren kjem når ein treng hjelp. Ja, at veterinæren er ein absolutt føresetnad for husdyrhaldet over heile landet.

Bonden og veterinæren står såleis i ein lagnadsfellesskap. Blir det enda færre bønder blir det enda mindre attraktivt å vera veterinær i distriktet. Og tilsvarande; mangel på husdyrkyndige veterinærar gjer det ikkje lettare å satsa som bonde på bygda.

Alarmklokkene over veterinærmangelen har ringt ei stund nå. Heldigvis er det lovande tiltak på gang for å få dyrlegespirene ut på bygda att – og å halda dei der. Mentor-prosjekt, høgare vaktgodtgjering, auka tilskot til den kommunale veterinærdekkinga, og andre tiltak for å styrka veterinærtenesta over heile landet, er alle opplagte verkemiddel for å avverja full krise. Så får me håpa det ikkje er for lite, for seint.

Veterinærane og bøndene har inga tid å miste. Ikkje vi andre, heller. For vi deler alle lagnadsfellesskapen med dei.

DEI SISTE LEIARANE:

Sommarminna bleiknar aldri

Sommarminna bleiknar aldri

Det kjennest som ein augneblink. Våren var akkurat her og gjorde verda ljos. Så, vips, er sommaren på plass med lauvtunge tre og frodige grøne enger.

Bonde med livet som innsats

Bonde med livet som innsats

Endeleg betre velferdsordningar for bønder. Mange har ytra glede for at akkurat denne biten av jordbruksavtalen sikra betring for både bønder som får barn og har sjuke barn. Maksimalgrensa for tilskot til avløysing er også auka.

Er det greitt å sove i timen?

Er det greitt å sove i timen?

Stadig fleire forbrukarar vil ha økologisk mat. Då vert alternativet for mange å velje mat frå andre land. I Norge har me mellom anna underdekning på økologisk mjølk. Samstundes vel meierisamvirket å ikkje nytte all den økologiske mjølka som blir produsert som økologisk.