Ordkrigen om kjøt og klima rasar med ny styrke etter framlegginga av Miljødirektoratets Klimakur 2030. Rapporten held fram at redusert forbruk av raudt kjøt er det tiltaket som gir størst klimakutt i jordbruket. Konsekvensen av omlegging kan innebera 5000 færre årsverk i næringa og attgroing av éin million mål, eller ti prosent, av jordbruksarealet vårt.

Målet om framleis økonomisk vekst, leiestjerna som meir enn noka ku har ført oss inn i klimakrisa, har ein sjølvsagt ikkje rørt. Det er ikkje til å undrast over dersom ein og annan bonde kjenner seg litt matt. Her luktar skrivebordsmanøver frå inst i asfaltjungelen.

Klimakur 2030 er samstundes berre den siste i rekka av nyare rapportar som varslar massiv brakklegging av avgrensa norske jordbruksområde. Ein av dei er laga av NIBIO og Menon Economics på oppdrag frå Animalia og MatPrat. I eit av scenarioa deira kjem det fram at dersom forbruket av alle kjøtslag, unntatt fjørfekjøt, blir redusert med 45 prosent i 2027 samanlikna med 2017, så vil rundt 30 prosent av dagens jordbruksareal gå heilt ut av produksjon. Sjølv om det er vanskeleg å sjå kva som skulle føra til nesten ei halvering av kjøtforbruket, er det nyttig å få illustrert konsekvensane for sjølvbergingsevne, naturmangfald og distrikt.

Problemet med alle desse rapportane, og ikkje minst med den pågåande debatten, er ikkje berre usikre tal og prognosar. Problemet er også mangelen på visjonar for eit heilt anna landbruk, for nye måtar å tilpassa matsystemet vårt til ei verd i endring.

Ytterpunkta i debatten, veganarar og dei som svarar på påstått «klimahysteri» med demonstrativ kjøtfråtsing, viser heller ikkje ein konstruktiv veg framover.

Omstillingsvillige bønder innser at store endringar står for døra. Den innsikta er då òg reflektert i klimaavtalen som landbruket og staten vart samde om i fjor. Sjølvsagt må også landbruket bidra til å kutta utslepp.

Vakne bønder og forbrukarar forstår også at nedgang i kjøtforbruket, uansett grunn, ikkje tyder kroken på døra for norsk husdyrhald. Dei ser potensialet for betre folkehelse, for auka planteproduksjon, for fleire bønder, og for høgare – rettare – pris for grasfôra kjøt.

Mindre kjøtforbruk treng heller ikkje føra til at landet gror att. I 2018 åt kvar nordmann 52 kg kjøt medan krattskogen breidde seg. På 1950-talet åt me vel 30 kg, og landet låg beita og ope. Og medan graset vaks opp att, batt det noko av karbonet kua slapp ut. Dei opne markene reflekterte varmt sollys attende ut av atmosfæren, i dag kjent som den kjølande albedoeffekten. Og i slåtteengene, liksom i bygdene, myldra det av liv.

Her er me ved eit kjernepunkt, kanskje best oppsummert med det engelske uttrykket It’s not the cow, it’s the how. Påstanden rommar viktig innsikt når presset aukar på landbruket: Problemet er ikkje kua og det biologiske krinslaupet ho inngår i. Problemet er måten produksjonen føregår på, med mykje kraftfôr og minkande beitebruk. Likeeins – det er ikkje berre mengda kjøt, men måten det blir produsert på som er avgjerande for å trygge sjølvbergingsevna, halda bønder i sving og kulturlandskapet ope.

Eit ennå grønare landbruk er mogleg. Med beitedyr som bind karbon og byggjer natur. Med meir finmaska innretting av arealtilskota som sikrar produksjon i marginale område. Med sterkare tollvern.

Eit slikt landbruk avheng av politisk vilje og tilrettelegging. Som igjen avheng av grunnleggjande forståing av skilnadane på det fossile og det biologiske krinslaupet.

Bothild Å. Nordsletten