Norsk Bonde- og Småbrukarlag ønskjer omkamp om lausdriftskravet. Kravet bør berre gjelda nybygg, meiner dei, og det må ta den tida det treng å legga om. NBS vil auka lønsemda for mindre bruk og sikra investeringsmidlar slik at dei kan investera, utan å måtta utvida produksjonen. Organisasjonen konkluderer med at ei gjennomføring av kravet innan 2034 med dagens rammevilkår, vil medføra eit massivt fråfall av mjølkebruk.

Det har NBS truleg heilt rett i. Og argumenta bak kravet gir meining. Små mjølkebruk over heile landet har alltid vore bærebjelken i jordbruket vårt. Med politikk som har pressa bønder til å utvida for å vera lønsame, har tusenvis som før klarte seg med gardens eigne ressursar, måtta kasta inn handkleet, eller satsa over evne. Ikkje minst her på Sør- og Vestlandet, og i nord. Slik blir beitebruk, distrikt, og samfunnsberedskap svekka. Og slik lèt slagorda om landbruk over heile landet stadig holare.

Me er heilt samde i at mjølkeproduksjonen på mindre bruk må styrkast, og at det hastar. Når me likevel finn NBS sitt krav om omkamp problematisk, handlar det om behovet for føreseielege rammar for næringa, og om den potensielle rekylen frå ein marknad som er stadig meir opptatt av dyrevelferd. Og det handlar om tidspunktet.

I ein fersk rapport vurderer Nibio det samla investeringsbehovet for næringa å vera på inntil 23 milliardar kroner fram mot 2034. At rapporten er tinga av Landbruks- og matdepartementet er vonleg eit signal om at styresmaktene endeleg ønskjer eit konkret grunnlag for å kunne gjera avsettingar til investeringstilskot.

Ifølgje SSB er det 7150 mjølkebruk att her i landet. Den raske avgangen frå næringa tilseier at det hastar med å få på plass ei investeringspakke som verkeleg monar. Ikkje minst for at små og mindre bruk også kan modernisera og oppgradere driftsapparatet.

Mange skulle nok helst sett at lausdriftskravet vart skrota, eller utsett. Men ei utsetting kan lett bli ei sovepute for styresmaktene som nøler med finna fram dei pengane som trengst for å koma i mål. Med dei nye tala frå Nibio har staten fått ein viktig sjanse til å visa at ein meiner alvor med målsettinga om landbruk i heile landet, og at satsinga på 15 til 30-kyrsbruket ikkje berre er tomme ord. Det er ein sjanse staten bør nytta seg av under årets jordbruksoppgjer. For det hastar om me vil trygga den spreidde, familiebaserte mjølkenæringa. Og tolmodet, som NBS sitt krav viser, er strekt langt nok.

Bothild Å. Nordsletten