image description

 

– Me gjer kvarandre betre, er eit slagord mange kjenner til. Kåre Grindland på Finsland, som du kan lese om i denne utgåva av Bondevennen, er eit døme på at fleire hovud tenker betre enn eitt. – For meg har rådgjevarane vore avgjerande for utviklinga av drifta, sa bonden. Grindland har bygd lausdriftfjøs, auka besetninga og kvoten. På vegen har han møtt utfordringar, men ved hjelp av råd og målretta arbeid funne fram til løysingar. Bonden på Finsland har kyr av rasen NRF. Han fortel om gode dyr ved hjelp av grundig avlsarbeid.

I ein rapport, som kom ut i sommar, tek AgriAnalyse føre seg koplinga mellom produksjon av storfekjøtt og kumjølk i Sverige, og samanliknar resultatet med den norske situasjonen. Resultata frå rapporten syner at dagens utvikling i mjølkeproduksjonen med høgare avdråttsnivå gir færre mordyr og færre kalvar, og dermed minkar storfekjøttproduksjonen. Erfaringa frå Sverige er at auka spesialisert kjøttproduksjon åleine ikkje har løyst problemet med fallande tal på mordyr. Christian Anton Smedshaug, i AgriAnalyse, håper rapporten kan bidra til debatt om tema om dei komande val norsk landbruk står ovanfor.

Føringane frå Solberg-regjeringa når det kjem til landbrukspolitikk er at det skal løne seg å vekse og auke produksjonen. Det skal satsast på heiltidsbonden og eit robust landbruk. Sverige har utført mange av dei endringane den norske regjeringa no vil utføre. Resultata frå nabolandet er likevel ikkje glitrande. Mykje mat vert importert over landegrensa, og produksjonen av mjølk, storfekjøt og grisekjøt har minska dei siste tiåra.

Råd på vegen har vore avgjerande for bonden på Finsland. Kan hende er det lurt å ta med seg eit par råd frå nabolanda for landbrukspolitikarar frå høgre makter. Me meiner målet bør vere auka matproduksjon på norske ressursar. Det er heilt sant at landbruket må vere robust for å takle ei stormande utvikling. Spørsmålet er berre kva som gjer landbruket robust.

Dersom større produksjonar fører til færre bønder er det rein matematikk at dei resterande bøndene vil ha færre lagspelarar. Rådgjevingsteneste, bondelag og landbruksorganisasjonar er avhengige av medlemmer for å overleve. Skal norsk landbruk framleis ha dagens kvalitetsstempel er det kanskje ein fordel å satse på breidda.

 

Jofrid Åsland