Landbruksminister Olaug Bollestad slapp katten or sekken då ho under Stortingets spørjetime onsdag i førre veke stadfesta at «det aldri har vore snakk om full erstatning til pelsdyrbøndene.» Det var Senterpartiets Geir Pollestad som fekk halt innrømminga frå statsråden.

Rekka av pelsdyrbønder som fortel om potensiell økonomisk ruin er etter kvart lang. I denne utgåva av Bondevennen kan du lesa om pelsdyrbonden på Smøla som i tillegg til å bli sitjande att med stor gjeld, ikkje kan forventa nok pengar til å omstilla til mjølkeproduksjon.

Legg til den sterkt kritiske gjennomgangstonen i høyringssvara til forslaget om kompensasjon etter avvikling av pelsnæringa, og det blir openbert at erstatningsordninga står til stryk. I tillegg er det uklart om forskriftsteksten harmonerer med Grunnlova og Den europeiske menneskerettskonvensjonen sin bokstav om eigedomsretten.

Medan Bollestad insisterer på å leggja bokført verdi og ikkje takst til grunn for kompensasjonsutmålinga, legg også andre element i forslaget stein til børa. Slik erstatningsordninga er utforma no, vil kompensasjonen bli redusert med sju prosent årleg, fram til avviklingsdatoen for næringa i 2025. Fleire bønder har alt gitt seg, og fleire står for tur. For dei som måtte prøve å stå løpet ut, kan kostnadane til fôr og andre innsatsfaktorar snart bli knusande.

Bondevennen meiner det vil vera oppsiktsvekkjande dersom Stortinget ikkje handsamar saka på nytt med krav om full erstatning. Langt dei færraste bønder er pelsdyrbønder. Når denne saka engasjerer så breitt, er det fordi den er av prinsipiell interesse. Det handlar om næringsfridom, om respekt for eigedomsretten og om rettvis handsaming. At regjeringa forheld seg til desse grunnsteinane på ein føreseieleg måte er svært viktig i ei tid der alle bønder veit at mange endringar er i vente.

Prosessen mot pelsdyrbøndene har allereie vekt stor frustrasjon og uro. Dersom dei ikkje blir fullt kompensert, vil tilliten mellom styresmaktene og landbruksnæringa generelt, kunne få ein alvorleg knekk. Det borgar i så fall dårleg for den dialogen som må ligga til grunn for alle andre endringar som bøndene skal gjennom.

Bothild Å. Nordsletten

Share This