Mjølkepolitikk er nok for spesielt interesserte, men i førre veke via NRK Debatten nettopp til mjølk i beste sendetid. Det dreidde seg om den moglege avgrensinga av distribusjonstilskotet som mellom anna Q-Meieriene har fått for å sikra konkurranse i marknaden.

Den debatten er viktig, men den stel merksemd frå meir alvorlege høve som er i ferd med å avgjera lagnaden til mjølkeproduksjonen – ryggrada i landbruket.

Framtida til mjølka handlar litt om millionar som går med til å sikre konkurranse. Men mest av alt handlar den om å kunne forsera ei stadig vanskelegare hinderløype mellom alt frå låg mjølkepris via generell kostnadsauke, til lausdriftskravet.

Og kanskje er me for seint ute til å berge norsk mjølkeproduksjon, iallfall slik me kjenner den. Mjølkekua datt litt mellom stolane i fjorårets jordbruksoppgjer. Og nyleg slo budsjettnemnda for jordbruket fast at mjølkebøndene held fram med å tapa inntekt.

Skal me ha ein sjanse til å berga det som er att av visjonen om «landbruk i heile landet», så trengst ein plan. Ein overordna plan som slår fast status for norsk mjølk. Kor me vil. Kor mange mjølkebønder som skal med vidare, og kor mjølka skal produserast. Og korleis me når klare mål.

Til denne oppgåva trengst eit tydeleg Tine. Eit Tine som i tillegg til å kjempa for best mogleg pris til bonden, er ennå tydelegare på samfunnsoppdraget; Å sikra fortsatt mjølkeproduksjon i heile landet.
Når talet på mjølkebruk er ned 64 prosent dei siste 20 åra*, og produksjonen i dei tre nordlegaste fylka heng i ein tråd, kan ein spørja seg om oppdraget har blitt for krevjande for samvirket.

I påvente av ei slik avklaring, gjer du som mjølkebonde klokt i å ta ytterlegare ansvar for å sikra føreseielege forhold i eiga drift. I fjor var den gjennomsnittlege mjølkeprisen, inkludert etterbetaling, seks kroner. Gitt ei kvoteleige på 1,50 kroner, har du att 4,50. Legg til kostnadsauken siste tida, og du sit knapt igjen med meir enn det som trengst for akkurat å dekka utgiftene. Og det på ein rett du berre har til låns.

Har du over 30 kyr, er det få tilskotskroner å hale om du aukar flokken. I alle fall ikkje om det også betyr å leige meir kvote. Så om du driv i 0-sona på Jæren, er tida inne for å vurdera å redusera talet på kyr. Eller ytinga. Slik reduserer du utgiftene til dyrt kraftfôr, medan du optimaliserer grovfôrproduksjonen.
Kanskje løner det seg å sikte mot 6000 eller 8000 liter per ku, i staden for 12 000? Tida er iallfall inne for å sjå på det reknestykket.

* Per 1. mars 2022 var det nesten 6734 gardar som driv med mjølkeproduksjon i Noreg. Dette er ein nedgang i tal mjølkebruk på 35 prosent dei siste ti åra og 64 prosent dei siste 20 åra. Kjelde: melk.no