«Det ligger et tidsskifte i lufta. En æra er over. Tida skifter ham.» Orda som kjem frå politisk redaktør i Klassekampen, Bjørgulv Braanen, er på sin plass då han i førre veke omtalar dei internasjonale omskiftingane som er undervegs: Storkrig i Europa. Eit aggressivt, men vaklande Russland som søkjer mot eit alt sterkare Kina. USA i tilbakegang. Og ei marknadsliberalistisk globalisering som, ifølge Braanen, har «kommet til sin endestasjon».

For føresetnaden for den relative globale stabiliteten den siste tida er borte: Verda er ikkje lenger fredeleg og ho blir ikkje meir demokratisk. Me samarbeider mindre. Ulikskapen aukar. Klimakrisa herjar og trua på at marknaden kan fiksa det meste er svekka.

Kva kjem i staden?

Det er alt for tidleg å seia, men så langt kan me sjå teikn til meir proteksjonisme, priskontroll, statleg styring og statsstøtte. Og ord som forsyningstryggleik, kontroll og kortare verdikjeder høyrest stadig oftare – òg i det elles liberale EU.

Det pågåande tidsskiftet skånar sjølvsagt ikkje primærnæringa eller tilhøyrande verdikjeder. Høge straum- og råvareprisar, matkrise, tørke og flaum, er berre nokre av døma på korleis bønder og næringsmiddelindustri blir prega, ute og heime.

Så kva no?

Ei allmenn misoppfatning er av jordbruket som noko statisk og konserverande. Bønder veit sjølvsagt betre: at dei er meir omstillingsdyktige enn folk flest. Dei har fleire tusen års røynsle å visa til, og provet ligg i dagen – i åkeren, fjøset, butikkhyllene, i folkehelsa og i forventa gjennomsnittleg levealder.

I det «tida skifter ham» tyder alt på at bonden igjen vil måtta setja denne endringkompetansen på prøve. Nett kva det inneber er også for tidleg å seia, men ennå større mangfald i driftsformer og smartare, meir sirkulær utnytting av ressursane blir truleg stikkord. Les: Sterkare lokale verdikjeder, meir korn på Jæren, færre husdyr på grønsaksjord, solceller på beite, færre husdyr eller omlegging til økologisk eller regenerativ drift med tilhøyrande gode tilskot, auka robotisering og digitalisering, tradisjonell og straumfri lagring av grønsaker i haug, vidareutvikling av gardsforedlingog sal, fleire mikrovasskraftverk, eigne tilskot for «samfunnstenester» som karbonlagring, restaurering av naturmangfald og myr – samt framleis konvensjonell storproduksjon.
Kanaliseringspolitikken, blir den verande i dagens form? Kanskje ikkje. Blir det bråk? Definitivt. Endring gjer ofte vondt. Men alternativet kan fort vera verre.

Om det blir naud, gulrot eller pisk som driv hamskiftet fram, vil tida vise. Raske klimaendringar og generelt svak beredskapstenking, jamfør den uføreseielege handteringa av straumkrisa, på den eine sida, og på den andre, tradisjon for ein kunnskapsbasert og inkluderande jordbrukspolitikk, tilseier at drivkreftene blir ymse. Uansett gjeld det å henga med i svingane framover. Bøndene har klart det før og må gjera det igjen. For utan dei går det ikkje.

Bothild Å. Nordsletten